mini|Fruktfat Fruktfat, fruktskål eller fruktbolle er eit fat, skål eller korg med frisk frukt i. Det kan også vera eit fat laga til slik servering.
Fruktfat kan innehalda heil eller oppskoren frukt. Det kan vera ein måte å oppbevara frukt på, eller dandert som ein rett til servering. Ein kan arrangera fruktfat til fest. Dei kan også brukast til å gjera mat meir innbydande for sjuke som treng å eta.
I kulturen Fruktfat er vanlege motiv for stilleben, på same måte som kompottskåler.
Stader der det blir dyrka mykje frukt kan ein kalla «fruktfat». Til dømes blir Sogn og Fjordane marknadsført som «Noregs fruktfat». Liknande nemningar er blitt brukte om Hawke's Bay og Hastings på New Zealand.
I overført tyding kan eit fruktfat vera noko som ser vakkert eller innbydande ut. Motsett kan ein seia om noko som ikkje er innbygdane at det «ikkje akkurat er noko fruktfat».
Galleri
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Oppskrift på fruktfat ved bama.no
Kategori:Fruktretter