«Relay» (kalla «The Relay» i USA) er ein song skriven av Pete Townshend, gitaristen i The Who, for det skrinlagde Lifehouse-prosjektet. Songen vart i staden gjeven ut som ein moderat suksessrik singel i 1972. Han var den siste av singlane til The Who som ikkje kom ut på eit album før «Real Good Looking Boy», 32 år seinare.

Bakgrun «Relay» var opphavleg skriven som ein del av albumet Lifehouse, men songen vart skrinlagd i lag med resten av albumet. I 1972 var songen meint for eit anna skrinlagd album, Rock Is Dead—Long Live Rock!.

Songen vart spelt inn under same innspelinga som «Join Together» og ein demo av «Long Live Rock» i mai 1972.

«Relay» kom ut på singel seint i 1972, med Keith Moon-songen «Waspman» som B-side. Singelen nådde topp 40 i både Storbritannia og USA, 21. plassen i Storbritannia og 39. plassen på Billboard Hot 100 (og 33. plassen på Cashbox). Singelen var den siste av tre singlar knytte til Lifehouse (men som ikkje kom ut på Who's Next). Dei andre var «Let's See Action» og «Join Together».

«Relay» byrjar med ein gitar som vert køyrt gjennom eit filter på ein ARP-2600-synthesiser.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Relay (song)» frå , den 28. september 2019. oppgav desse kjeldene:

Kategori:The Who-songar Kategori:Singlar frå 1972 Kategori:Track Records-singlar Kategori:Songar skrivne av Pete Townshend Kategori:Songar produserte av Glyn Johns Kategori:MCA Records-singlar