Eksperimentell rock (eller avant-rock) er ein undersjanger innan rock som pressar grensene mellom vanlege komposisjonar og framføringsteknikkar eller som eksperimenterer med grunnleggjande element i sjangeren. Artistar har som mål å frigjere eller nyskape og somme særpreg i sjangeren er improvisasjon, avantgardistiske element, rar instrumentering, utydelege tekstar (eller instrumentalar), uortodokse strukturar og rytmar, og ei underliggjande avvising av kommersielle mål.
Frå starten av har rocken vore eksperimentell, men det var først seint i 1960-åra at rockeartistar byrja å skape lange og komplekse komposisjonar gjennom bruk av fleirsporsinnspeling. I 1967 var sjangeren like kommersiell som popen var, men i 1970 had dei fleste leiande musikarane gjort seg sjølv udyktig på eit eller anna vis. I Tyskland utvikla krautrock seg som ein undersjanger med element av improvisasjon og psykedelisk rock blanda med avantgarde og moderne klassisk musikk. Seinare i 1970-åra vart det mykje kryssing av sjangrar samstundes med utviklinga av punk og new wave, gjer det sjølv-eksperimentering og elektronisk musikk. Funk, jazzrock og fusion-rytmar vart òg integrert i eksperimentell rock.
Den første bølgja med eksperimentelle rockegrupper i 1980-åra hadde få direkte føregangarar for stilen sin. Seinare i tiåret gjekk avant-rocken meir mot ein psykedelisk estetikk som skilde seg frå den sjølvmedvitne og aktsame stilen til tidlegare post-punk. I 1990-åra vart ei lausare rørsle kjend som post-rock den dominerande forma for eksperimentell rock. Fram mot 2010-åra har omgrepet «eksperimentell rock» falle bort, sidan mange moderne rock heller vert kategoriserte under forstavingar som «post-», «kraut-», «psych-» og «støy-».
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Experimental rock» frå , den 8. oktober 2019. oppgav desse kjeldene:
Kategori:USA-amerikanske rockesjangrar Kategori:Eksperimentell musikk Kategori:Progressiv musikk