Andre De Grasse () er ein kanadisk sprintar. Han vann i tida 2015-21 sju individuelle medaljar og tre stafettmedaljar i verdsmeisterskap og olympiske sommarleikar. Høgdepunktet kom då han vann gullmedaljen på 200 meter under Sommar-OL i Tokyo i 2021. I så vel verdsmeisterskapen 2022 som dei olympiske leikane 2024 i Paris sprang han som ankermann Canada inn til siger i 4 x 100 meter stafett.

Aktiv Sommaren 2015 sprang De Grasse inn til siger på både 100 meter og 200 meter i NCAA-meisterskapen, ein prestasjon han gjentok ved dei panamerikanske leikane i Toronto. Under verdsmeisterskapen 2015 i Beijing gjorde han personbeste med 9,92 sekund på 100 m og kom på delt tredjeplass saman med Trayvon Bromell frå USA, Usain Bolt frå Jamaica vann løpet og Justin Gatlin frå USA tok sølv. De Grasse fekk ein bronsemedalje nummer to som deltakar på Canada sitt lag i 4 x 100 meter stafett.

Ved dei olympiske leikane i Rio de Janeiro i 2016 vann Bolt 100-meteren framom Gatlin og med De Grasse på bronseplass på personbeste 9,91. Tre dagar seinare sette De Grasse i semifinalen på 200 meter personleg rekord med tida 19,80. I finalen vann han sølvmedaljen med 20,02, Bolt sikra seg gullet på 19,78 sekundar. De Grasse avslutta leikane som ankermann for Canada i 4 x 100 m stafett, ei tevling som enda med landsrekord 37,64 sekundar og bronsemedalje. Ein skade hindra han i å delta i VM i friidrett 2017.

I Friidretts-VM 2019 i Doha forbetra De Grasse den personlege rekorden på 100 meter til 9,90 og vann si tredje VM-medalje i bronse. På 200-meteren i meisterskapen kneip han sølvmedaljen etter eit løp på 19,95 sekundar, Noah Lyles frå USA vann på 19,78.

Frå dei olympiske leikane i Tokyo sommaren 2021 reiste De Grasse med ein gullmedalje og to bronsemedaljar. Den 1. august vart han tredjemann på 100 meter, 4. august presterte han livsbeste og tok gull på 200 meter med tida 19,62, og 6. august sprang han som ankermann Canada inn til bronseplass i 4 x 100 m stafett.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 2015 i Beijing: Bronse på 100 m – 9,92 og i 4 x 100 m stafett (38,13) OL 2016 i Rio de Janeiro: Sølv på 200 m – 20,02, bronse på 100 m – 9,91. Bronse i 4 x 100 m stafett (37,64) VM 2019 i Doha: Sølv på 200 m – 19,95, bronse på 100 m – 9,90 OL i 2021 i Tokyo: Gull på 200 m – 19,62, bronse på 100 m – 9,89. Bronse i 4 x 100 m stafett (37,70) VM 2022 i Eugene: Gullmedalje i 4 x 100 m stafett. VM 2023 i Budapest: Nr 6 på 200 m – 20,14 OL 2024 i Paris: Gullmedalje i 4 x 100 m stafett. Utslått i semifinalen på 200 m (20,41=nr 1) og utslått i semifinalen på 100 m (9,98=nr 12) VM 2025 i Tokyo: Utslått i semifinalane på 100 m (10,09=nr 13)

Kjelder <div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «Andre De Grasse» frå , den 23. mai 2022.

World Athletics

Kategori:Canadiske sprintarar Kategori:Verdsmeistrar i friidrett Kategori:Olympiske meistrar for Canada Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Canada Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Canada Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2016 Kategori:Canadiske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2020 Kategori:Canadiske deltakarar under sommar-OL 2020 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2020 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2024 Kategori:Canadiske deltakarar under sommar-OL 2024 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2024