mini|høgre|500px|Illustrasjon til Historia de Gentibus Septentrionalibus av Olaus Magnus frå 1555: Samar på jakt Samisk historie er historia til samane, om kor lenge samane har eksistert som folkegruppe, kvar det samiske området har vore og er, og kva tilhøve dei har hatt og har til andre folkeslag.
Tidshorisont Språkhistoria kan fortelje at dei samiske språka oppstod for rundt eller i overkant av 2000 år sidan, då det finsk-samiske urspråket vart delt i eit sørleg (austersjøfinsk) og eit nordleg (samisk) språk. I den tida starta den samiske historia, så lenger attende enn det gjev det ikkje meining å snakke om samisk historie.
Dei samiske språka utgjer den vestlegaste greina i den uralske språkfamilien, der dei tre vestlegaste greinene (samisk, austersjøfinsk og til dels òg mordvinsk er i nærare slekt enn dei andre uralske språka. Den språklege utviklinga frå eit finsk-ugrisk urspråk til moderne samisk er kartlagd via samanliknande språkforsking, jf. samisk språkhistorie. Sjølve oppsplittinga mellom austersjøfinsk og samisk (og dermed starten på samisk historie) kom som resultat av meir kontakt med baltisk og urnordisk i sør, på det som skulle bli dei austersjøfinske språka.
Busetjingsområde thumb|Sørgrensa for det samiske området (i Finland), etter T.I.Itkonen 1947 I dag omfattar det samiske busetjingsområdet det sentrale og nordlege Noreg ned til Femunden og Trollheimen, og på svensk side frå grenseelven Torneälven langs Kjølen ned til Idre øvst i Dalarna. I Finland er området avgrensa til Enontekis kommune i nordvest og området frå sørenden av Enaresjøen opp til norskegrensa. I Russland er Kolahalvøya det tradisjonelle busetjingsområdet.
Det opphavlege samiske busetjingsområdet låg ein heilt annan stad, i søraustre Finland og sørvestre Karelen. Seinare spreidde det samiske språkområdet seg nordover, til det nordlege Skandinavia, samtidig som finsk ekspansjon nordover assimilerte samane i det som i dag er sørlege og midtre Finland. Eit døme på ei samegruppe som har vorte assimilert i seinare tid, er kemisamene. Kemisamisk vart snakka fram til 1800-talet i Sodankylä-området, og språket vart òg brukt tidlegare i Kajanaland.
Jernalder
Samiske stadnamn viser kontakt med urnordisk (dvs. kontakt eldre enn 800-talet langs kysten av Troms og Finnmark. Norrøne kjelder fortel om busetnad opp til Bjarkøya i Troms.
I samiske segn høyrer vi om tsjudane, som ifølgje samisk tradisjon kom frå aust og plyndra og drap samane. Tjudane er namnet russarane på 800-talet sette på karelarane (dei austlege austersjøfinnane), t.d. heiter grensesjøen Peipus mellom Estland og Russland Tsjudskoe ozero på russisk.
Ei tidleg overlevering om samane er Ottar, som på 800-talet fortalde om korleis han som den nordlegaste av alle nordmenn skattla og handla med samane. Harald Hårfagre gifta seg ifølgje Snorres kongesagaer med samekvinna Snøfrid. Øyvind Skaldespiller nemner òg samane i sina kvad, blant anna samisk husdyrhold. Høvding Ottar fortalde at han hadde 600 uselde, tamme reinsdyr, der seks av dei var lokkerein. Desse var kostbare hjå samane fordi lokkerein vart nytta til villreinfangst. Også Historia Norvegiae frå 1200-talet nemner samane, og fortel at nordmennene bur langs kysten og samane på innlandet. Ut frå desse kjeldene kan ein slutta at det var eit nokså livleg samkvem mellom dei norrøne samfunna og samane.
Alderen på sørgrensa til det samiske området har vore omstridd, og er det delvis i dag. Tidlege framstillingar har sett på samane som urfolk i Fennoskandia, noko som kan forklare den store interessa for samiske tema i romantikken. Med ei nasjonalt orientert historieskriving på slutten av 1800-talet vart dette synet utfordra. Yngvar Nielsen skreiv i 1891 på oppdrag frå norske styresmakter ein rapport som konkluderte med at sørsamane ikkje hadde budd sør for Lierne før rundt 1500. Andre historikarar som har kome til tilsvarande konklusjonar er Kjell Hårstad og Jørn Sandnes.. Knut Bergsland har argumentert mot dette synet, m.a. med utgangspunkt i sørsamiske stadnamn, som viser at namna må vere lånt frå urnordisk før synkopetida. Inger Zachrisson viste i 198x at arkeologiske funn på Vivallen på svensk side aust for Røros er av same type som samiske funn nord for Umeå, altså kunne ho stadfeste samiske bustader såpass langt sør allereie på 800-talet. Andre arkeologar har gjort funn lenger sør (som i Østerdalen), men desse har ikkje på same måte prega debatten. For ei nærare drøfting, sjå sørsamisk historie.
Mellomalder og inngangen til nytida På 1000-talet etablerte nasjonalstatane Noreg og Sverige seg. Sverige tok på 11-1200-talet kontrollen over Finland. Langs den nordnorske kysten vart makta til dei mektige høvdingane broten, og samane vart etter kvart meir avsides og mindre interessante som skattebetalarar og handelspartnarar.
Samane hadde, som nabospråka sine, ein førkristen religion. Samane dyrka dyr, steinar, fjell og himmellekamar som guddomar. Med innføringa av kristendommen i mellomalderen kom det visse element frå kristen tru inn i samisk religion.
Skatteinnkrevjing og statsgrenser mini|Sidasystemet på 1600-talet. mini|Sameland og oppdelinga i sidaer. mini|Sverige, Noreg og Novgorod sine skatteland i Sameland i mellomalderen og i byrjinga av nytida. mini|Sveriges, Noregs og Russlands landområde i Sameland 1613-1751.
Skatteinnkrevjinga frå Sverige, Danmark-Noreg, og Russland (i byrjinga Novgorod) fungerte som grunnlag for etableringa av statsgrensene i Sameland i mellomalderen. Mange sidaar måtte i mellomalderen betale skatt til to og tre statar.
Sverige skattla lappmarkene Kemi, Torneå, Luleå, Piteå og Umeå, og samar på norsk side frå Tysfjorden til Varanger. Kong Magnus Ladulås overlot skatteinnkrevjinga til birkarlane.
Noreg skattla sidaar frå Snåsa til Varanger og inn på Kolahalvøya. Novgorod skattla samane på og sør for Kolahalvøya, og i Kemi lappmark (bortsett frå Kittilä) og kysten frå Varanger til Malangen.
Etter Freden i Teusina prøvde Sverige å få tilgang til Ishavet. Det måtte dei likevel gje opp med freden i Knærød i 1613, då Danmark-Noreg fekk rett til å krevje inn skatt av sjøsamane i området frå Tysfjord til Varanger. Danmark-Noreg ville ha eit godt tilhøve til Russland, og slutta med skatteinnkrevjing på Kola etter 1611. Etter dette var det i Sameland to område med overlappande juridiksjon: Aviovaara, Kautokeino, Lappojärvi, Tana og Utsjoki i Tornie lappmark og Enare i Kemi Lappmark. I praksis styrte Sverige dette området. Det norsk-russiske området høyrde Neiden, Paatsjoki og Petsamo, som i praksis låg under Russland
Med desse grenseavklåringane, og med eit auka folketal og betre kommunikasjonar, vart dei ulike statane meir synleg i Sameland. Området aust i Kemi lappmark vart likevel verande eit svensk-russisk fellesområde, og området nord for Enare eit dansk-svensk fellesommråde. Med Strömstad-atalen i 1751 vart dette området delt, til dei danske forhandlarane sin fordel. Ávjovárri, Kautokeino og Lappojärvi, og halvparten av sidaane i Tana og ein fjerdedel av dei i Utsjok, kanskje på grunn av dårleg handverk blant dei svenske forhandlarane.
Etter at Finland gjekk til Russland i 1809 vart grensa mellom Sverige og det finske autonome fyrstedømmet drege langs Muonioelva. At Finland vart ein del av Russland førte også til at dobbeltbeskattinga av Kemi lappmark tok slutt (i 1814). Grensa mellom Russland og Finland i nord vart gått opp, drege, og godkjend i 1833.
Den norsk-russiske grensa vart drege i 1826 ved avtalen i St. Petersburg. Noreg fekk også no ein god avtale, og fekk norddelen av Neiden-sidaen og vestdelen av Paatsjoki-sidaen. T. I. Itkonen,Suomen lappalaiset vuoteen 1945. Ensimmäinen osa
Nytid mini|Samisk familie (Noreg, ca. 1890-1900), fotokromtrykk
Misjonsverksemd Russiske misjonærar, den første vi kjenner var munken Trifon, nådde Kolahalvøya, Nordaust-Finland og Sør-Varanger på 1500-talet, og samane i dette området vart kristna som ortodokse. St. Georgs kapell i Neiden vart bygd ca. 1565 (dagens kapell er nyare) og Boris Gleb like over grensa på russisk side har vore kyrkjestad endå lengre.
Frå 1600-talet av auka påverknaden frå det no protestantiske Norden i intensitet. Eit element i dette var at kontroll over samane inngjekk i striden mellom Sverige-Finland og Danmark-Noreg. Til dømes bygde svenskane kyrkjer i både Karasjok og Kautokeino på byrjinga av 1700-talet for å sikra desse områda som svenske (noko dei vart verande i alle fall i kyrkjeleg forstand fram til 1751). Sentral i kristninga på norsk side var misjonæren Thomas von Westen. På byrjinga av 1700-talet innførte han ei strengare form for luthersk kristendom blant samane, samla inn og brann runebommer og forbaud tradisjonelle samiske namn. Etter von Westen si tid var samane sin religiøse praksis i hovudsak basert på kristendomen, sjølv om førkristne element framleis må ha spelt ei rolle.
Samar vart assimilerte også i Sverige-Finland. Dei samane som ikkje vart assimilerte, flytta til innlandet og dreiv med reindrift, ifølgje forskaren Noel D. Broadbent.
1800-talet: Pengeøkonomi
Interessa for nordområda auka i løpet av 1800-talet. På kysten auka produksjonen av tørrfisk, klippfisk og sild for eksport. Frå og med 1910-talet kom det òg til motorar i fisket. Mange stader, som i Kåfjord i Alta, i Kiruna og i Kirkenes vart det sett i gang bergverk som førte til innvandring av andre folkegrupper. Finnmark vart opna for jordbruk som resultat av finsk innvandring, det same skjedde i indre Troms, med innvandring frå Østerdalen. Den store sveltkatastrofen i Finland i 1860-åra førte til ei stor finsk innvandring til både det nordlegaste Finland, Nord-Sverige og Nord-Noreg, særleg til Aust-Finnmark.
Den allsidige samiske levemåten, som tidlegare hadde vore meir fleksibel og tilpassingsdyktig enn nabofolka sine, vart no akterutsegla. Samane hadde mindre å handla med, og varene deira var ikkje så etterspurte. Reindriftskulturen lei òg under grensedragningene mellom landa. Grensa mellom Noreg og Russland vart stengt i 1826, mellom Noreg og Finland rundt 1850, og mellom Noreg og Sverige gradvis frå 1905 til ho endeleg vart stengt i 1940. Gamle trekkvegar vart dermed stengt, og sesongbeite vart sperra. Den fine balansen mellom nytta av ulike beiteområde til ulike årstider vart forstyrra.
Røysterett for samar Då den norske grunnlova vart vedteken i 1814 vart det bestemt i Grunnlova si § 50 at for å få røysterett måtta ein eige eller leige matrikulert jord, eller ha ein formue på minst 150 spesidalar. Dette ekskluderte dei fleste samane frå å få røysterett. Tanken bak røysterettsparagrafen var at dei som betalte skatt, skulle få rett til å røysta ved val. Sjølv om dei færraste i Finnmark åtte matrikulert jord, betalte mange likevel skatt, den såkalte rettsskatten (tidlegare kjent som finneskatten). Mange samiske familiar åtte òg reinsdyr til ein verdi av langt over dei påkravde 150 spesidalarane. Den manglande røysteretten til samane vart teken opp i Stortinget i 1818, og ein særskild røysterett for Finnmark vart einstemmig vedteken i 1821.Norgeshistorie.no, Marthe Hommerstad: «Samenes stemmerett - en «forglemmelse» i Grunnloven». Henta 13. des. 2016.
Assimileringspolitikk
Nasjonalismen vart ei drivande kraft i samfunnsutviklinga, særleg frå slutten av 1800-talet. Ideen om at alle i nasjonen skulle snakka same språk og dela same kultur vart utbreidd.