mini|Anzjelika Sidorova i 2019
Anzjelika Aleksandrovna Sidorova () er ein russisk friidrettsutøvar frå Moskva. Ho vart europameister 2014 i stavhopp og verdsmeister 2019 i same øvinga, i den siste tevlinga sette ho personleg rekord med eit hopp på 4,95 meter. I Tokyo-OL 2021 vart ho sølvmedaljør.
Aktiv Sidorova kneip gullmedaljen frå greske Ekateríni Stefanídi då ho under friidretts-EM 2014 tok seg over 4,65 meter i tredje og siste forsøk. Sidorova imponerte endå meir då ho ved hall-EM 2015 i Praha hoppa heile 4,80 m og på ny vann over Stefanídi med 5 cm.
Sidorova sigra i hall-EM 2019 i Glasgow med eit stavhopp på 4,90 m. Ved eit stemne i Madrid om sommaren forbetra ho sitt personbeste til 4,91 m. Høgdepunktet for Sidorova kom 29. september 2019 under verdsmeisterskapen i Doha, i tredje forsøk på 4,95 meter svinga ho seg over lista og vann gullmedaljen. Under dei olympiske leikane 2021 i Tokyo var Sidorova ein av tre utøvarar som tok 4,85 metershøgda i fyrste forsøk, men sidan ho ikkje hadde riv på lågare høgder, leia ho tevlinga. Gullmedaljen glapp då Katie Nageotte frå USA hoppa over 4,90 m i sitt andre forsøk.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 2014 i Zürich: Gullmedalje – 4,65 m, framom Ekateríni Stefanídi (4,60 m) VM 2015 i Beijing: Nr 13 VM 2017 i London: Utslått i kvalifiseringa (-) EM 2018 i Berlin: Nr 4 – 4,70 m VM 2019 i Doha: Gullmedalje – 4,95 m, framom Sandi Morris (4,90 m) OL i 2021 i Tokyo: Sølvmedalje – 4,85 m, bakom Katie Nageotte (4,90 m)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Anschelika Alexandrowna Sidorowa» frå , den 5. mai 2021.
World Athletics
Kategori:Russiske stavhopparar Kategori:Verdsmeistrar i friidrett Kategori:Europameistrar i friidrett for Russland Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for ROC Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2020 Kategori:Deltakarar for ROC under sommar-OL 2020 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2020