Dwain Anthony Chambers () er ein britisk tidlegare friidrettsutøvar frå London. På 100 meter tok han sølv i europameisterskapen 1998 og bronse i verdsmeisterskapen 1999. I stafettløp over 4 x 100 meter var han med om å vinne sølv i VM 1999 og gull i EM 2006. Under hall-VM 2010 vann 60-meteren.

Aktiv Chambers vart andremann på 100 m ved EM 1998 i Budapest, slått av landsmannen Darren Campbell. Året etter sette han personleg rekord med 9,97 sekundar og kneip bronsemedaljen på 100 meter då VM 1999 fann stad i Sevilla. Deretter sprang han som ankermann Storbritannia inn til europarekord og sølvmedalje i 4 x 100 meter stafett, laget elles bestod av Jason Gardener, Darren Campbell og Marlon Devonish. Under Sommar-OL 2000 i Sydney enda Chambers på fjerdeplassen på 100 m, same plassering fekk han på distansen også ved VM 2001 i Edmonton.

Doping I europameisterskapen 2002 i München var Chambers fyrstemann på 100-meteren framom Francis Obikwelu, før han så var med om å vinne 4 x 100 m stafett. I oktober 2003 kom for ein dag at Chambers 1. august hadde testa positivt på steroidet tetrahydrogestrinon. Det britiske friidrettsforbundet stengde han ute frå idretten i to år, og alle resultata hans etter 1. januar 2002 vart annullert.

Tilbake År 2006 kom Chambers tilbake på friidrettsbana. Under europameisterskapen i Göteborg kvalifiserte han seg til finalen på 100-meteren og han tok gull med det britiske mannskapet i 4 x 100 meter stafett. Sidan deltok han i 100-meterfinalen både ved VM 2009 og EM 2010.

Chambers sigra på 60 meter både ved hall-EM 2009 i Torino og hall-VM 2010 i Doha. I Torino sette han europarekord med 6,42 sekund i semifinalen. I 2014 var han to hundredels sekund for seint i mål til å ta bronsemedaljen på 100 m ved europameisterskapen i Zürich.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 1998 i Budapest: Sølvmedalje på 100 m – 10,10, bakom Darren Campbell (10,04) VM 1999 i Sevilla: Bronse på 100 m – 9,97. Sølv i 4 x 100 m stafett (37,73) OL 2000 i Sydney: Nr 4 på 100 m – 10,08. Diskvalifisert i 4 x 100 m stafett VM 2001 i Edmonton: Nr 4 på 100 m – 9,99, Utslått i kvartfinalane på 200 m (20,60=nr 19) EM 2002 i München: Annullerte fyrsteplassar på 100 m og 4 x 100 m stafett VM 2003 i Paris: Annullert fjerdeplass på 100 m og annullert bronse i 4 x 100 m stafett EM 2006 i Göteborg: Gull i 4 x 100 m stafett (38,91). Nr 7 på 100 m – 10,24 VM 2009 i Berlin: Nr 6 på 100 m – 10,00 EM 2010 i Barcelona: Nr 5 på 100 m – 10,18 VM 2011 i Daegu: Diskvalifisert i semifinalane på 100 m EM 2012 i Helsinki: Diskvalifisert i 4 x 100 m stafett OL 2012 i London: Utslått i semifinalane på 100 m (10,05=nr 10) VM 2013 i Moskva: Nr 14 på 100 m – 10,15 EM 2014 i Zürich: Nr 4 – 10,24

Kjelder <div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «Dwain Chambers» frå , den 16. oktober 2019.

Kategori:Britiske sprintarar Kategori:Verdsmeistrar i friidrett for Storbritannia Kategori:Europameistrar i friidrett for Storbritannia Kategori:Britiske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000 Kategori:Britiske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 1998 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 1999 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2001 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2002 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2003 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2006 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2009 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2010 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2011 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2012 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2013 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2014 Kategori:Dopingsaker i friidrett