Jevgenij Abramovitsj Baratynskij () var ein russisk offiser, skribent og lyrikar.
Baratynskij var fødd i Mara i Tambov guvernement (Tambov oblast). Under eit opphald i Finland gav Baratynskij i 1824-26 ut det lyriske verket Eda, deretter stadfesta han sitt ry med Ballet (1825–28). I 1842 kom Sigøynerska, hovudverket hans som er ei skildring av elitesjiktet i det russiske samfunnet. Diktinga til Baratynskij er prega av romantiske motiv som kjærleikssvik, sjalusi og selvmord. Han skreiv i ein nøktern stil og skildringa av ulike miljø er røyndomsnær.
Han døydde i Napoli under ei lengre utanlandsreise.
Litteraturvitaren Geir Kjetsaa kom i 1977 ut med boka Jevgenij Baratynskij. Stjernen, der han skriv om forfattaren og sjølv har gjendikta eit tjuetals lyriske arbeid.
Kjelder <div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «Jewgeni Abramowitsch Baratynski» frå , den 19. oktober 2019.
Kategori:Russiske diktarar frå 1800-talet