Waterloo Lily er det fjerde studioalbumet til Caravan, gjeve ut 12. mai 1972 på Deram.
Bakgrunn Waterloo Lily er det einaste albumet til Caravan med Steve Miller som klaverspelar. Miller tok med seg ei meir jazzaktig kjensle til musikken til Caravan enn det som hadde vore på dei førre albuma og han spelte meir på Wurlitzer piano enn Hammondorgel slik den førre klaverspelaren Dave Sinclair gjorde. Gjesteartistane Phil Miller og Lol Coxhill frå det førre bandet til Steve Miller, Delivery, spelte på «Nothing at all», ein instrumental utforma etter Miles Davis sin «Right Off». Kort tid etter Waterloo Lily, slutta Richard Sinclair og Steve Miller i Caravan for å spele med Phil Miller og Coxhill i eit nytt Delivery, som førte til skipinga av bandet Hatfield and the North.
Plateomslaget er ein detalj frå «The Tavern Scene» frå A Rake's Progress av William Hogarth.
Songen «The Love in Your Eye» har vore fast på konsertane til Caravan i mange år.
Innhald Alle spor av Coughlan, Hastings, Sinclair, utanom «It's Coming Soon» og «Songs and Signs» av Miller.
Medverkande Caravan Pye Hastings – gitar & vokal Steve Miller – Wurlitzer elektrisk piano, flygel, Hammondorgel, elektrisk cembalo Richard Sinclair – bass & vokal Richard Coughlan – trommer
Andre medverkande Lol Coxhill – sopransaksofon (1, 2) Phil Miller – andre sologitar (2) Jimmy Hastings – fløyte (5) Mike Cotton – trompet (5) Barry Robinson – obo (5)
Kjelder
<div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «Waterloo Lily» frå , den 27. oktober 2019. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Musikkalbum frå 1972 Kategori:Caravan-album Kategori:Deram Records-album Kategori:Album produserte av Dave Hitchcock