Tommy Whittle () var ein britisk jazz-saksofonist.

Biografi Tommy Whittle byrja først å spele klarinett før han gjekk over til tenorsaksofon. I 1943 byrja å han spele i bandet til Claude Giddins i Gillingham.Jazz Journal, 1978, «Jazz Refugee from the Mickey Mouse Bands».

I 1940-åra spelte Whittle med Johnny Claes, Lew Stone, Carl Barriteau og Harry Hayes. I 1946 vart han med i bandet til Ted Heath og spelte med han fram til 1952, då han gjekk over til den mindre gruppa til Tony Kinsey. Seinare i 1950-åra vart han med i Cyril Stapleton's BBC Show Band der han spelte som soloist i nasjonale sendingar. I april 1954 skipa han sin eigen kvintett med Harry Klein og Dill Jones, og turnerte seinare med eit ti mann stort band i 14 månader. Han leia så mindre grupper og spelte i klubbar. I 1955 vart han kåra til den beste tenorsaksofonisten i Storbritannia i New Musical Express og toppa kåringa til Melody Maker året etter.

I 1950-åra vitja sekstetten hans Frankrike og USA. I 1956 tok han ein kvartett (med Eddie Thompson, Brian Brocklehurst og Jackie Dougan) til USA i byte mot eit besøk av Gerry Mulligan. Han spelte òg ei kort stund i Stan Kenton Band, då dei turnerte i Storbritannia. I 1958 vart han henta inn som bandleiar ved Dorchester Hotel i London, der han var fram til 1961.

Så følgde ein 12 år lang periode med Jack Parnell ATV Orchestra, som akkompagnerte Bing Crosby, Peggy Lee og Barbra Streisand.

Han dreiv ein vekentleg klubb i Hopbine pub i Wembley, som var staden å vise fram britisk jazz. Seinare arbeidde han med Laurie Johnson's London Big Band og spelte inn i lag med Benny Goodman. I 1980- og 1990-åra vart han ein mykje etterspurt studiomusikar og spelte i lag med Ted Heath Band leia av trombonisten Don Lusher. Han leia framleis sin eigen kvartett inn i 2000-åra og akkompagnerte Ella Fitzgerald Songbook, eit show styrt av songaren Barbara Jay (kona hans).

I juli 2005 fekk Whittle Worshipful Company of Musicians-prisen, ein ærespris innan britisk jazz.Crescendo & Jazz Music, August/September 2005. Dei siste konsertane hans var Bridgewater Hall i Manchester (oktober 2012) og Ray McVay si hyllest til Glenn Miller Orchestra i Wolverhampton Grand Theatre (januar 2013). Whittle døydde på 87-årsdagen sin etter å ha fått lungebetennelse på ferie i Spania.

Diskografi Som leiar Tommy Whittle Quartet (Melodisc, 1951) Tommy Whittle Septet (Melodisc, 1951) Tommy Whittle med Tony Kinsey Trio (Esquire, 1953) Tommy Whittle Quintet (Esquire, 1954) Tommy Whittle Quintet (Esquire, 1955) Tommy Whittle Orchestra (Esquire, 1956) Tommy Whittle Quartet (HMV, 1957) A Touch of Latin (Saga, 1958) Tommy Whittle Quintet (Tempo and Ember, 1959) Sax for Dreamers (Masquerade, 1967) Tommy Whittle Quartet (HMV, 1957) Why Not? (Jam, 1977) Jigsaw (Alamo, 1977) The Nearness of You (Tee-Jay, 1982) Straight Eight med Alan Barnes (Miles Music, 1985) The Pizza Express All Star Band (The Poll Winners, 1990) Warm Glow (TeeJay, 1992) Encore! med The Bob Hudson Trio (Sine, 1997) Grace Notes (Spotlight, 2003) Tommy Whittle and the Tenor Connection (Spotlight, 2009)

Som sidemann Live at the Hopbine, Tubby Hayes (1965) Memories of You, Barbara Jay (Tee-Jay, 1988) Bean: Bob Wilber's Tribute to Coleman Hawkins, Bob Wilber (Arbors, 1995) The Don Lusher Big Band Vol. 2, Don Lusher (Horatio Nelson) Laurie Johnson's London Big Band Vol. 3, Laurie Johnson (Horatio Nelson, 2000) Ella Fitzgerald Songbook Revisited, Barbara Jay, Tina May, Lee Gibson (Spotlite, 2000) The Farewell Concert, Ted Heath (Avid, 2002) The Musical Worlds of Laurie Johnson, Laurie Johnson (Avid, 2003)

Kjelder

<div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «Tommy Whittle» frå , den 27. oktober 2019. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

[ Tommy Whittle] på Allmusic

Kategori:Skotske jazz-saksofonistar Kategori:Britiske saksofonistar Kategori:Folk frå Grangemouth