Jevdokija Ivanovna Rombandejeva () var ein mansisk lingvist og forfattar av sentrale publikasjonar om mansisk.
Biografi
Rombandeeva var fødd i Khoslog i Saranpaulsk i Berjozovskij rajon i Khanty-Mansijsk. Ho tok kandidateksamen ved Fakultetet for filologi ved Leningrad statlege universitet. Frå 1957 til 1968 arbeidde ho ved Leningradavdelinga av Institutt for lingvistikk ved Det sovjetiske vitskapsakademiet. Frå 1968 til 1990 var ho ved lingvistisk institutt ved det russiske vitskapsakademiet, og frå 1990 til 1991 var ho leiar for laboratoriet ved institutt for historie, filologi og filosofi ved det sovjetiske vitskapsakademiet i Novosibirsk. I 1998 forsvarte ho doktorgradsavhandlinga si Структура современного мансийского (вогульского) языка' (Strukturen til det moderne mansiske (vogulske) språket).
Rombandejeva som forskar
Mansisk skil seg ut som det einaste av dei 26 små nordlege språka som har hatt ein markant morsmålslingvist (til ein viss grad har Marija Jakovlevna Barmitsj hatt den same rolla for nenetsisk. Rombandeeva har skrive sentrale verk om moderne mansisk: ei russisk-mansisk ordbok frå 1957, standardgrammatikken over mansisk frå 1973, og ein monografi over mansisk syntaks (1979). Desse verka utgjer ein parallell til dei tradisjonelle finskugriske verka om mansisk, i tillegg til at dei danna grunnlaget for både skolebøker og den vesle skjønnlitteraturen som finst på mansisk.
Bibliografi
Русско-мансийский словарь. 1957. Мансийский (вогульский) язык. Москва. 1973 Синтаксис мансийского (вогульского) языка. Москва. 1979 Словарь мансийско-русский и русско-мансийский. Ленинград. 1982 Душа и звезды: предания, сказания и обряды народа манси. 1991 История народа манси (вогулов) и его духовная культура. 1993 Сыгвинский диалект мансийского (вогульского) языка. 1995
Bakgrunnsstoff
80-летие со дня рождения Ромбандеевой Евдокии Ивановны Учёные — представители коренных малочисленных народов Ромбандеева Евдокия Ивановна
Kategori:Mansi Kategori:Sovjetiske språkforskarar