Sandeid er ein tettstad og eit sokn i Vindafjord kommune på Haugalandet i Rogaland fylke. Det var tidlegare også ein kommune.
Sandeid tettstad Sandeid, eller Sandeidsjøen, ligg inst i Sandeidsfjorden. Fylkesveg 46 går gjennom Sandeid, og Riksveg 514 går nordover til Ølensjøen. Det er barneskule og barnehage i bygda, og den største verksemda er slakteriet til Gilde.
Sandeid sokn venstre|mini|Sandeid kyrkje Soknet femnar om bygdene vid indre Sandeidsfjorden og har 1 081 innbyggjarar (2013). Det høyrer til Haugaland prosti.
Sandeid kommune Då dei norske kommunane vart oppretta ved formannskapslovene i 1837 var Sandeid ein del av Vikedal kommune, men vart i 1923 frådelt som ein eigen kommune, då med 558 innbyggjarar. I 1965 vart Sandeid kommune med 876 innbyggjarar nedlagd og gjekk inn i den nyoppretta Vindafjord kommune.
Kjelder Nettsidene til Vindafjord kommune Dag Juvkam, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen (SSB, 1999) SSB
Kategori:Tidlegare kommunar i Rogaland Kategori:Tettstader i Rogaland Kategori:Sokn i Stavanger bispedømme Kategori:Haugalandet Kategori:Geografi i Vindafjord Kategori:Historie i Vindafjord Kategori:Norske kommunar skipa i 1923 Kategori:Norske kommunar nedlagde i 1965