Mirage er det andre studioalbumet til det engelske progressive rockebandet Camel, utgjeve den 1. mars 1974. Det inneheld songar som «The White Rider» og «Lady Fantasy». Andrew Latimer spelar òg fløyte på songen «Supertwister».

Det er fem spor på Mirage og to av dei er over ni minuttar lange. Desse to består av fleire songar: «Lady Fantasy» og «Nimrodel/The Procession/The White Rider», der sistnemnde handlar om Ringdrotten. Albumet kom ut på Gama Records/Deram Records. Mick Rock tok biletet på innsida av plateomslaget.

Mottaking Albumet vart kåra til et 51. beste progalbumet gjennom tidene av lesarane av magasinet Prog i 2014.

Prog Sphere rekna Mirage å vere det beste albumet deira, og skreiv at det var ein prog-klassikar som ein kvar fan av progressiv rock burde ha.

Innhald

Medverkande Camel Andrew Latimer – gitar, fløyte; vokal på «The White Rider» og «Lady Fantasy» Peter Bardens – orgel, piano, Minimoog, Mellotron, Fender elektrisk piano, Hohner clavinet, celeste; vokal på «Freefall» og «Lady Fantasy» Doug Ferguson – bass, vokal på «Lady Fantasy» Andy Ward – trommer, perkusjon

Produksjon Produsert av David Hitchcock Lydteknikarar: Howard Kilgour og Bill Price

Kjelder

<div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «Mirage (Camel album)» frå , den 8. november 2019. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 1974 Kategori:Camel-album Kategori:Deram Records-album Kategori:Album produserte av Dave Hitchcock Kategori:Plateomslag av Mick Rock