Christopher James Harley, kjend under scenenamnet Chris Rainbow (), var ein skotsk songar og musikar som hadde to hittar med songane «Give Me What I Cry For» og «Solid State Brain» i 1970-åra

I tillegg til solokarrieren sin var han vokalist og arrangør for mange rockeband og soloartistar. I seinare tid eigde han sitt eige studio og arbeidde som produsent.

I 1972 og 1973 var Rainbow involvert i bandet Hopestreet, før han byrja å spele inn solomateriell. Han gav ut tre soloalbum, Home of the Brave i 1975, Looking Over My Shoulder i 1977 og White Trails i 1979. I 1979 byrja Rainbow som medlem i The Alan Parsons Project og tidleg i 1980-åra vart han medlem av Camel, og var med på albuma The Single Factor og Stationary Traveller.

Som produsent har Rainbow produsert fleire album for det skotsk-gæliske rockebandet Runrig.

Han døydde i 2015 etter å ha slite i lengre tid med Parkinsons sjukdom.Michael Russell, «Tributes paid to Skye musician and producer,» West Highland Free Press, 9. mars 2015, henta 27. oktober 2019.

Kjelder

<div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «Chris Rainbow» frå , den 10. november 2019. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Chris Rainbow biography

Kategori:Døde av Parkinsons sjukdom Kategori:Musikarar frå Glasgow Kategori:Skotske songarar Kategori:Skotske rockesongarar Kategori:Skotske låtskrivarar Kategori:Skotske plateprodusentar Kategori:Camel-medlemmar Kategori:The Alan Parsons Project-medlemmar