Gong er ei internasjonal progressiv rock-gruppe som nyttar element av jazz og space rock i musikkstilen sin. Gruppa vart skipa i Paris i 1967 av den australske musikaren Daevid Allen og den engelske vokalisten Gilli Smyth. Bandmedlemmar har mellom andre vore Didier Malherbe, Pip Pyle, Steve Hillage, Mike Howlett, Pierre Moerlen, Bill Laswell og Theo Travis. Andre som har spelt med Gong på scenen er mellom andre Don Cherry,Lucky, Jerry. Progressive Rock. Burlington, Ontario: Collector's Guide Publishing, Inc., 2000. p.61 Chris Cutler, Bill Bruford, Brian Davison, Dave Stewart og Tatsuya Yoshida.

Debutalbumet til Gong, Magick Brother i 1970, hadde ein psykedelisk popstil. Året etter gav dei ut Camembert Electrique med ei meir psykedelisk rock/space rock-stil, som dei kom til å bli mest assosiert med. Mellom 1973 og 1974 gav Gong ut det mest kjende verket sitt, den allegoriske Radio Gnome Invisible-trilogien, som skildra eventyra til Zero the Hero, Good Witch Yoni og Pot Head Pixies frå planeten Gong.

I 1975 slutta Allen og Smyth i bandet, som heldt fram utan dei, og gav ut ei rekkje jazzrockalbum leia av trommeslagaren Pierre Moerlen. Denne inkarnasjonen vart etter kort tid kjend som Pierre Moerlen's Gong. Samstundes skipa Smyth Mother Gong, medan Allen sette i gang ei rekkje avleiarar, som Planet Gong, New York Gong og Gongmaison, før han kom attende for å leie Gong igjen i 1990 og fram til han døydde i 2015. Allen oppfordra bandet til å halde fram og dei gav ut albumet Rejoice! I'm Dead! i september 2016.

Historie mini|400px|Oversyn over besetningsendringar

Protogong (1967–68) I september 1967 vart den australske songaren og gitaristen Daevid Allen, som då var medlem av det engelske psykedeliske rockebandet Soft Machine, nekta å få innreiseløyve til Storbritannia i tre år etter at visumet hans hadde gått ut under ein fransk turné.Allen, Daevid. Gong Dreaming 1. SAF Publishing, 2007, p.64. Han slo seg ned i Paris, der han og partnaren, Gilli Smyth skipa den første utgåva av Gong (seinare av Allen kalla «Protogong»Allen, Daevid. Gong Dreaming 1. SAF Publishing, 2007, p.76.) i lag med Ziska Baum på vokal og Loren Standlee på fløyte. Men den tidlege utgåva fekk ein brå slutt i mai 1968 under studentopprøret i Frankrike, då Allen og Smyth måtte flykte frå landet då det kom ein arrestordre på dei. Dei drog då til Deià på Mallorca, der dei hadde budd ei tid i 1966.

Verkelege Gong kjem i gang (1969–71) I august 1969 inviterte filmregissøren Jérôme Laperrousaz, ein nær ven av paret, dei attende til Frankrike for å spele inn musikken for ein film om eit motorsykkelløp han planla. Det vart ikkje noko av det på den tida, men dei vart så møtt av Jean Karakos frå det nyoppretta, sjølvstendige selskapet BYG Actuel med førespurnad om å spele inn eit album, og eit nytt, elektrisk Gong vart då skipa i Paris. Dei henta inn den første rytmeseksjonen sin med Christian Tritsch (bass) og Rachid Houari (trommer og perkusjon) og tok kontakt att med saksofonisten Didier Malherbe, som dei hadde møtt i Deià.Allen, Daevid. Gong Dreaming 2. SAF Publishing, 2009, p.13. Tritsch vart ikkje klar i tide for innspelinga, så Allen spelte bass sjølv. Albumet, kalla Magick Brother, var ferdig i oktober.

Det nye Gong spelte den første konserten sin på BYG Actuel-festivalen i den vesle belgiske byen Amougies, den 27. oktober 1969, i lag med Danny Laloux på jakthorn og Dieter Gewissler og Gerry Fields på fiolin, og vart introdusert til scenen av ein forvirra konferansier, Frank Zappa.Allen, Daevid. Gong Dreaming 2. SAF Publishing, 2009, s. 31. Magick Brother kom ut i mars 1970 etterfølgd av singelen «Est-Ce Que Je Suis; Garçon Ou Fille?» med «Hip Hip Hypnotise Ya», som igjen hadde med Laloux og Gewissler.Allen, Daevid. Gong Dreaming 2. SAF Publishing, 2009, p.34. I oktober flytta bandet inn i eit tomt 12 rom stort hus kalla Pavillon du Hay, nær Voisines og Sens, 120 km søraust for Paris. Dei hadde base der fram til tidleg i 1974.Allen, Daevid. Gong Dreaming 2. SAF Publishing, 2009, s. 52, 67, 291.

Houari slutta i bandet våren 1971 og vart erstatta av den engelske trommeslagaren Pip Pyle, som Allen hadde blitt introdusert for av Robert Wyatt under innspelinga av det første soloalbumet hans, Banana Moon. Den nye besetninga spelte inn eit filmmusikkalbum for ein film av Laperrousaz, no kalla Continental Circus, og spelte på den andre Glastonburyfestivalen, som seinare kom ut på Glastonbury Fayre.Allen, Daevid. Gong Dreaming 2. SAF Publishing, 2009, p.110-115. Dei byrja så arbeidet på det neste studioalbumet deira, Camembert Electrique, som seinare vart av Allen vart kalla «det første verkelege bandalbumet».Allen, Daevid. Gong Dreaming 2. SAF Publishing, 2009, p.116. Det etablerte ein progressiv spacerock-stil, som dei kom til å bli kjende for. Den hausten la dei ut på den første britiske turneen sin. Men mot slutten av året slutta Pyle i gruppa og vart erstatta av ein annan engelsk trommeslagar, Laurie Allan.Allen, Daevid. Gong Dreaming 2. SAF Publishing, 2009, p.124-141.

Radio Gnome Invisible-trilogien (1972–74) mini|left|Gilli Smyth og Daevid Allen, Hyde Park, 1974 mini|Steve Hillage, Hyde Park, 1974 I 1972 skjedde det fleire endringar i besetninga til Gong. Laurie Allan slutta i april og vart erstatta av Mac Poole, så Charles Hayward og så Rob Tait, før han kom attende igjen på slutten av året. Gilli Smyth var borte ei tid og drog attende til Deià for å ta seg av sonen til ho og Daevid Allen, og vart erstatta av Diane Stewart, som var kjærasten til Tait og ekskona til Graham Bond. Christian Tritsch flytta over til gitar og vart erstatta på bass av den tidlegare Magma-medlemmen Francis Moze, medan lydbiletet til bandet vart utvida med ein synthesizerspelar, Tim Blake.

I oktober vart dei ein av dei første artistane som fekk kontrakt med Richard Branson sitt Virgin Records, og seint i desember reiste dei til Virgin sitt Manor Studio i Oxfordshire i England, for å spele inn det tredje albumet sitt, Flying Teapot. Mot slutten av innspelinga fekk dei med seg den engelske gitaristen Steve Hillage, som dei hadde møtt nokre veker tidlegare i Frankrike då han spelte med Kevin Ayers, og som hadde erstatta Mike Oldfield i bandet til Ayers. Han kom for seint til å bidra mykje til albumet,Allen, Daevid. Gong Dreaming 2. SAF Publishing, 2009, p.188. men vart etter kort tid ein viktig del av stilen til Gong.

Flying Teapot kom ut 25. mai 1973, og var den første delen av Radio Gnome Invisible-trilogien, som framstilte Gong-mytologien som Allen utvikla. Den andre delen, Angel's Egg, kom ut i desember, men no med den «klassiske» rytmeseksjonen med Mike Howlett på bass og Pierre Moerlen på trommer. Tidleg i 1974 slutta Moerlen for å arbeide med det franske samtidsmusikkensemblet Les Percussions de Strasbourg og Smyth slutta for å føde hennar og Allen sin andre son. Dei vart igjen erstatta av Rob Tait og Diane Stewart, og bandet flytta frå den franske basen sin i Pavillon du Hay til ein engelsk ein i Middlefield Farm, nær Witney i Oxfordshire.Allen, Daevid. Gong Dreaming 2. SAF Publishing, 2009, p.291. Moerlen, og seinare Smyth, kom attende for å fullføre trilogien med albumet You, men då albumet kom ut, i oktober 1974, var Moerlen attende med Les Percussions de Strasbourg og Smyth hadde slått seg ned permanent i Deià med dei unge sønene. Før turneen for You, vitja Allen Smyth og sønene i Deià, medan resten av bandet, inkludert Moerlen, spelte in grunnspora for det første soloalbumet til Hillage, Fish Rising. Moerlen vart opphavleg erstatta i gong av ei rekkje folk (Chris Cutler, Laurie Allan og Bill Bruford) før den tidlegare Nice og Refugee-trommisen Brian Davison tok jobben tidleg i 1975.See in the gigs section of Planet Gong's website Smyth var alt blitt erstatta av kjærasten til Hillage, Miquette Giraudy.

I juni 1974 kom Camembert Electrique ut i Storbritannia på Virgin til ein pris på berre 59 pence, det ein typisk singel kosta på denne tida. Dette var eit marknadsføringstriks som dei før hadde nytta på Faust og kom til bruke igjen på eit reggaesamlealbum i 1976. Desse særs billige albuma selde i store mengder, men på grunn av den låge prisen, fekk dei ikkje tilgang til albumlistene. Håpet var at fansen ville bli oppfordra til å kjøpe dei andre albuma til gruppa til vanleg pris.

Daevid Allen sluttar og Shamal (1975–76) Aukande krangling i bandet førte til at Tim Blake vart beden om å slutta i februar 1975 under øvingar for ein turné. Han vart ikkje erstatta. Så, på ein konsert i Cheltenham den 10. april, dagen før utgjevinga av Steve Hillage sitt Fish Rising, nekta Daevid Allen å gå på scenen og hevda at «eit kraftfelt» hindra han, og han slutta òg i bandet. Dei andre valde å halde fram utan han.Allen, Daevid. Gong Dreaming 2. SAF Publishing, 2009, p.413.

I august vart Pierre Moerlen overtalt om å kome attende, og erstatta den ulukkelege og alkoholiserte Davison, og bandet hadde no òg Mireille Bauer på perkusjon, Jorge Pinchevsky på fiolin og Patrice Lemoine på synthesizer og, for første gongen i Gong, andre klaverinstrument. Dei turnerte i Storbritannia i november 1975 og eit konsertopptak kom ut som Live in Sherwood Forest '75 i 2005, og arbeidde på materiale for det neste albumet, Shamal. Hillage var i aukande grad ukomfortabel utan Allen, og vart no rekna som den eigentlege leiaren i bandet. Med ein blømande solokarriere, valde han og Giraudy å slutte før Shamal var ferdig, og deltok berre på plata som gjesteartistar. Howlett tok over som den mannlege vokalisten, og Sandy Colley, kjærasten til Lemoine og kokken i bandet, den kvinnelege. Albumet kom ut i februar 1976 og dei turnerte etter albumet fram til bandet fekk ei ny krise i mai, då Pinchevsky vart nekta innreise i Storbritannia fordi han hadde på seg marihuana. Den tidlegare King Crimson-fiolinisten David Cross vart prøvd ut som ein mogeleg erstatta, men før dei kom vidare med denne nye besetninga, delte bandet seg i to leirar: Howlet ønskte å halde fram som vokalist, men Moerlen og Bauer ønskte å berre spele instrumentalmusikk, medan Malherbe ikkje klarte å bestemme seg. Virgin Records-sjefen Simon Draper valde metoden til Moerlen og Howlett slutta, raskt etterfølgd av Lemoine og Colley.

Pierre Moerlen's Gong og andre avleiingar (1976–80) Av kontraktsårsaker var namnet Gong i drift dei neste to åra, men bandet var no i røynda Pierre Moerlen's Gong, og hadde lite å gjere med den psykedeliske spacerocken til Daevid Allen. Moerlen skipa ein ny perkusjonsbasert besetning med broren Benoit Moerlen, den framtidige Weather Report-perkusjonisten Mino Cinelu, gitaristen Allan Holdsworth og Flying Teapot-bassisten Francis Moze for å spele inn albumet Gazeuse! seint i 1976. Malherbe, Holdsworth, Moze og Cinelu slutta alle kort tid etterpå, men Moerlen heldt bandet gåande med den amerikanske bassisten Hansford Rowe fram til seint i 1980-åra. For å unngå forvirring vart det først kjend som Gong-Expresso og så, frå 1978, som Pierre Moerlen's Gong. Eit siste album, Pentanine, vart spelt inn i 2002 med russiske musikarar før Moerlen brått døydde i mai 2005, berre 53 år gammal.

Gong vart samla att i Paris i mai 1977 med mange av dei lause trådane som hadde utvikla seg og det vart igjen eit band leia av Daevid Allen. Resultatet vart ein konsert med bidrag av Tim Blake, Lady June, Strontium 90, Steve Hillage, 'Shamal Gong', Gong-Expresso, Daevid Allen og Euterpe, og høgdepunktet var Trilogy Gong, den klassiske besetninga med Allen, Smyth, Malherbe, Blake, Hillage, Giraudy, Howlett og Moerlen. Framføringa deira vart dokumentert på konsertalbumet Gong est Mort, Vive Gong. Strontium 90 var det kortvarige bandet til Mike Howlett, som var kjend for å ha to bassistar, og for å introdusere Police-medlemmane Sting og Stewart Copeland for den framtidige gitaristen deira, Andy Summers.