Sergej Mikhailovitsj Makarov () er ein russisk tidlegare ishockeyspelar frå Tsjeljabinsk som i tida 1978-91 vann åtte VM-gull og to OL-gull med Sovjetunionen sitt landslag i ishockey.

Høgrevengen Makarov vart verdsmeister med Sovjetunionen i 1978-79, 1981-83, 1986, 1989-90. og olympisk meister i 1984 så vel som i 1988. I tillegg var han med om å vinne OL-sølv, VM-sølv og to VM-bronsar over dei 14 sesongane han spelte VM- og OL-kampar. Han noterte seg for 83 mål og 89 målpasningar i desse turneringane. Gjennom størstedelen av denne perioden danna han saman med Vladimir Krutov og Igor Larionov den verdskjende KLM-rekka.

Makarov spelte på Traktor Tsjeljabinsk frå 1976 til -78. Deretter var han CSKA Moskva-spelar i elleve år, åtte av åra vart han sovjetmeister med laget. Sidan var han aktiv på lag i National Hockey League i Nord-Amerika; 1989-93 i Calgary Flames og 1993-95. Han la opp i Dallas Stars i 1996.

Kjelder <div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «Sergei Michailowitsch Makarow» frå , den 17. november 2019.

Kategori:Sovjetiske ishockeyspelarar Kategori:Russiske ishockeyspelarar Kategori:Olympiske medaljevinnarar i ishockey Kategori:Olympiske meistrar for Sovjetunionen Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Sovjetunionen Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1980 Kategori:Sovjetiske deltakarar under vinter-OL 1980 Kategori:Ishockeyspelarar under vinter-OL 1980 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1984 Kategori:Sovjetiske deltakarar under vinter-OL 1984 Kategori:Ishockeyspelarar under vinter-OL 1984 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1988 Kategori:Sovjetiske deltakarar under vinter-OL 1988 Kategori:Ishockeyspelarar under vinter-OL 1988