Carol Ann Grimes () er ein britisk songar og låtskrivar.
I 1969 vart ho med i bandet Delivery og spelte inn det einaste albumet deira før ho starta ein solokarriere. Før solokarrieren hennar kom i gang var ho òg medlem av det kortvarige bandet Uncle Dog og spelte inn eit album med dei kalla Old Hat i 1972. Det første soloalbumet hennar, Warm Blood (1974), vart spelt inn med medlemmar av Area Code 615 og Average White Band. Ho spelte inn det andre albumet sitt i Memphis i Tennessee, med Brecker Brothers, Donald «Duck» Dunn og The Memphis Horns. Ho skipa bandet Eyes Wide Open i 1984. Seinare vart ho lærar og arbeidde i musikalar. I 1990-åra arbeidde ho i det moderne, klassiske koret The Shout.
Diskografi 1970 Fools Meeting – som Carol Grimes and Delivery (solovokalist) 1972 Old Hat – Uncle Dog (solovokalist) 1974 Warm Blood (Caroline) 1977 Carol Grimes (La Cooka Ratcha) (Decca label) 1986 Eyes Wide Open (Line) 1989 Why They Don't Dance (Line) 1996 Alive at Ronnie Scott's with Janette Mason (Ronnie Scott's Jazz House) 2000 Sweet Fa (La Cooka Ratcha) 2003 Daydreams & Danger 2003 Mother 2007 Something Secret innspelt med Giles Perring (Triumphant Sound) 2013 CDAWN (La Cooka Ratcha)
Kjelder
<div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «Carol Grimes» frå , den 17. november 2019. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad
Kategori:Folk frå Lewisham Kategori:Engelske jazzsongarar Kategori:Engelske bluessongarar Kategori:Engelske rockesongarar Kategori:Smooth jazz-songarar Kategori:Canterbury scene Kategori:Musikarar frå London Kategori:Delivery-medlemmar