Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet (ofte kalla Mat-Nat) er Universitetet i Oslo si avdeling for studium i matematikk og naturvitskaplege fag.
Fakultetet vart grunnlagt i 1811 som ei underavdeling av Filosofisk fakultet. I 1861 fekk det statusen som eit sjølvstendig fakultet.
Det har vore to nobelprisvinnarar knytte til fakultetet, Odd Hassel fekk nobelprisen i kjemi i 1969 og Ivar Giæver fekk nobelprisen i fysikk i 1973. Ein som ragar høgt er òg professor emeritus Arnt Eliassens Balzanpris i meteorologi i 1996 og Ole-Johan Dahl og Kristen Nygaards Turing-prisar frå 2001 og John Von Neumann-medaljar frå 2002 for objektorientert programmering.
I 2022 var det kring 6 000 studentar og 830 doktorgradskandidatar ved Mat-Nat. Solveig Kristensen er dekan ved fakultetet, Bjørn Jamtveit er prodekan for forsking og Knut Mørken prodekan for utdanning.
Fleire fagmiljø ved Mat-Nat markerer seg internasjonalt, som til dømes Institutt for teoretisk astrofysikk, som deltek i ESA og NASA sitt program «Solar and Heliospheric Observatory».
Einingar
Institutt Farmasøytisk institutt Fysisk institutt Institutt for biovitenskap Institutt for informatikk Institutt for geofag Institutt for teoretisk astrofysikk Kjemisk institutt Matematisk institutt Institutt for teknologisystem
Senter
SAFE (Senter for akseleratorbasert forsking og energifysikk) Senter for entreprenørskap Senter for materialvitskap og nanoteknologi Senter for økologisk og evolusjonær syntese (CEES) Senter for matematikk for anvendelser (CMA) Senter for Jordas utvikling og dynamikk (CEED)
Sjå òg Liste over professorar ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet (UiO) Realistsamskipnaden Titan (nettstad), nettavis utgjeve av fakultetet Universitetsbiblioteket i Oslo
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet på UiO» frå , den 22. november 2019.
Bakgrunnsstoff Generelle opptakkrav Studieprogram – generell informasjon Matnat-program Kontaktinformasjon
sentrum|mini|700x700pk|Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved Universitetet i Christiania i 1861, ved Christopher Hansteens avskjed. Frå venstre bak: Fredrik Christian Schübeler (1815–1892) botanikar, Emil Bertrand Münster (1816–1888) mineralog, Hartvig Christie (1826–1873) fysikar, Sjur Sexe (1808–1888) matematikar, Theodor Kjerulf (1825–1888) geolog, Peter Waage (1833–1900) kjemikar, Carl Anton Bjerknes (1825–1903) matematikar, Carl Frederik Fearnley (1818–1890) astronom. Frå venstre føre: Ol Jacob Broch (1818–1889) anvendt matematikk, Michael Sars (1805–1869) zoolog, Christopher Hansteen (1784–1873) astronom, Halvor Heyerdahl Rasch (1805–1883) zoolog, Laurits Martin Esmark (1806–1884) zoolog.
Kategori:Universitetet i Oslo