miniatyr|Sankta Cecilia sin martyrdød, skulptur i Santa Cecilia in Trastevere av Stefano Maderno. Heilage Cecilia er ein kristen helgen som leid martyrdøden tidleg på 200-talet, truleg i år 230.Bonniers stora lexikon, På CD-rom 2000 Ho er vernehelgen for musikarar og blinde.
Cecilia er rekna som helgen i katolsk og ortodoks kristendom og i delar av den anglikanske kyrkja. Minnedagen hennar er 22. november.
Biografi Det finst ikkje sikre historiske opplysingar om Cecilia. Det kan ha levd fleire personar med dette namnet i antikken som blei æra som heilage i den tidlege kyrkja. Helgensoga som ettekvart blei fortald om Cecilia seier at ho kom frå ein kristen senatorfamilie i Roma, og blei gift bort til ein heidensk adelsmann, Valerianus, som ho overtalte til å leva i eit kysk samliv ved å fortelja at ein engel vakta over kroppen hennar. Etter at maken blei kristna av pave Urban I skal paret ha blitt krona med roser og liljer av engelen. Ifølgje den same soga skal paret ha lidd martyrdøden seinare under kristenforfølgingane. Bødlane mislukkast i å drukna henne i badet hennar, og halshogg henne i staden.
Før ho døydde, og medviten om at ho snart kom til å døy, skal Cecilia ha ordna det slik at heimen hennar blei gjort om til ein stad for gudstenester.
Leivningane hennar blei først lagde i Sankt Calixtus katakomber, der Urban I skal ha teke dei. Sidan 800-talet har relikviane hennar vore i basilikaen Santa Cecilia i Trastevere i Roma.
Framstilling og tilknyting
Cecilia er blitt feira som helgen sidan omlag 300-talet.Kirsch, Johann Peter. "St. Cecilia", The Catholic Encyclopedia. Vol. 3. New York: Robert Appleton Company, 1908. 24. april 2013.
Sidan renessansen har Cecilia ofte blitt framstilt med eit orgel ein bratsj eller eit anna musikkinstrument i bildekunst.
I kulturen
I 1855 skreiv komponisten Charles Gounod ei messe til Sankta Cecilia.Charles Gounod, Masses..., henta 29. april 2008
Den katolske kyrkja i Sverige nytte ei songbok som heiter Cecilia. Lotta Pedersen og Göran Folkestad kom på andre plass i Melodifestivalen 1984 med songen «Sankta Cecilia». Kor som syng kyrkjemusikk kan ha namn etter heilage Cecilia, som «Ceciliakören» i Svenska kyrkan.
Kjelder
The Book of Saints: A Dictionary of Servants of God. 6th ed. London: Cassell 1994.
Denne artikkelen bygger på «Saint Cecilia» frå , og «Cecilia (helgon)» frå den 24. november 2019.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Kristne martyrar Kategori:Italienske helgenar Kategori:Italienske martyrar