mini|Galtelandsteinen Galtelandsteinen er ein runestein frå byrjinga av 1000-talet frå Evje i Evje og Hornnes kommune i Agder. Han stod truleg opphavleg ikkje langt unna det store gravfeltet på Verksmoen utanfor Evje sentrum. Steinen vart første gong skildra av biskop Thomas Wegner i 1639, og var då intakt. Seinare vart steinen slått sund, men mesteparten av innskrifta er bevart:

arn (stin) risti þi(na) iftir bior (s)un sin (sa uar)tuþr iliþi þ(a)s knursoti iklat inis ko(þ)

På moderne norsk er dette: Arnstein reiste denne steinen til minne om Bjor, son sin; han døydde i hæren då Knut angreip England. Ein er Gud

mini|venstre|Kopi av Galtelandsteinen nær den opphavlege funnstaden

Innskrifta viser truleg til Knut den mektige sin invasjon av England i 1015. Steinen er blitt tolka som eit vitnesbyrd om at kristendomen hadde fått fotfeste i Noreg allereie før Olav den heilage.

Fragmenta av steinen er tekne vare på ved Kulturhistorisk museum (KHM) i Oslo. Gravfeltet på Verksmoen blei utpeikt som tusenårsstaden til Evje og Hornnes kommune, og i det høvet blei det laga ein kopi av Galtelandsteinen som blei reist på staden.

Kjelder <div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «Galtelandsteinen» frå , den 25. november 2019.

Bakgrunnsstoff Galtelandsteinen på Digitalt Museum

Kategori:Kulturminne i Evje og Hornnes Kategori:Runesteinar i Noreg