Øye-steinen er ein runestein frå Øye kyrkje i Vang kommune i Oppland.

Steinen er første gong skildra av sokneprest Thomas Stang omkring 1835, og han oppgav då at steinen hadde lege over ei grav på kyrkjegarden. Steinen vart undersøkt av Sophus Bugge i 1865, og året etter vart han frakta til Universitetets Oldsaksamling. Han er i dag magasinert ved Kulturhistorisk museum. Steinen er sannsynlegvis frå 1300-talet. Innskrifta er:

her:huilir:þora:moder:eirix:prest:pater:noster:

På norrønt vert det: Hér hvílir Þóra, móðir Eiríks prest sin. Pater noster.

På moderne norsk vert det: «Her kviler Tora, mor til Eirik prest. Fader vår.»

Runene vert daterte til byrjinga av 1300-talet.

Referansar

<div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «Øye-steinen» frå , den 27. november 2019.

Kategori:Kulturminne i Vang Kategori:Runesteinar i Noreg