WALL-E er ein amerikansk dataanimert science fiction-film frå 2008, produsert av Pixar Animation Studios og utgjeven av Walt Disney Pictures. Han vart regissert av Andrew Stanton og produsert av Jim Morris. Filmen følgjer ein robot som komprimerer og sorterer skrot på ei framtidig, ubueleg og aude Jord. Han får besøk av ein sonde send av romskipet Axiom, ein robot kalla EVE, som han forelskar seg i og følgjer etter gjennom galaksen.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Filmar frå 2008 Kategori:Filmar frå USA Kategori:Science fiction-filmar Kategori:Pixar-filmar