The Sword in the Stone (norsk tittel Sverdet i stenen) er ein amerikansk animert eventyrfilm frå 1963, produsert av Walt Disney Productions og utgjeven av Buena Vista Distribution. Han er den 18. animerte Disney-langfilmen og er basert på romanen av same namn frå 1938. Filmen er regissert av Wolfgang Reitherman og har i originalutgåva stemmene til Rickie Sorensen, Karl Swenson, Junius Matthews, Sebastian Cabot, Norman Alden og Martha Wentworth.
I 1939 skaffa Walt Disney seg rettane til å lage film av romanen The Sword in the Stone av T.H. White, men det skulle gå to tiår før produksjonen av filmen vart sett i verk. The Sword in the Stone var den siste animerte Disney-filmen som vart utgjeven før Walt Disney døydde. Filmen vart utgjeven 25. desember 1963, og var ein kommersiell suksess.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Animasjonsfilmar frå Disney Kategori:Eventyrfilmar Kategori:Filmar frå 1963 Kategori:Filmar frå USA