mini|Skjel og linguine-rett frå Feast of the Seven Fishes mini|Flyndre med sitron og kapers frå Feast of the Seven Fishes mini|Krabbe-carbonara frå Feast of the Seven Fishes mini|Cioppino medlaks, reker, musling, skjel, bacalao og hummar-tomatkraft frå Feast of the Seven Fishes The Feast of the Seven Fishes (italiensk ), også kjend som The Eve (), er ei italiensk-amerikansk julaftanfeiring der ein serverer ulike fisk- og sjømatrettar. Vanlegvis serverer ein sju ulike rettar til måltidet, men talet kan variera.

Opphav og tradisjonar The Feast of the Seven Fishes er del av den italiensk-amerikanske julefeiringa, og er ein feast i tydinga 'festmåltid', ikkje 'høgtid'. Julaftan er ein vigilie- eller fastedag, og overfloda av sjømat viser til at ein avstår frå å eta kjøt før på sjølve juledag.

Tradisjonen stammar frå Sør-Italia, der feiringa berre er kjend som La Vigilia. Ho er til minne om ventinga, Vigilia di Natale, før fødselen til Jesus markert ved midnatt.

Den lange tradisjonen med å eta sjømat på julaftan stammar frå den katolske tradisjonen med å avstå frå å eta kjøt kvelden før ein høgtidsdag. Sidan ein ikkje kunne eta kjøt eller dyrefeitt på ein slik dag, pleide praktiserande katolikkar å eta fisk, vanlegvis steikt i planteolje.

Den første omtalen av feiringa under namnet «Feast of the Seven Fishes» er frå 1980-talet i The New York Times og Philadelphia Inquirer. Det er uklart kva tid omgrepet kom i utbreidd bruk. Måltidet kan omfatta sju, åtte eller til og med ni særskilde fiskerettar som ein reknar som tradisjonelle. Nokre italiensk-amerikanarar kan tilmed feira med ni, elleve eller tretten ulike sjømatrettar. «Sju» fiskar som eit fastsett omgrep er ukjend i Italia. I nokre av dei eldste italiensk-amerikanske familiane telde ein heller ikkje talet på fiskerettar. Måltidet byrja gjerne med kviting i sitron, følgd av ei eller anna form for skjel eller musling med spagetti, baccalà og deretter eitkvart tal andre sjømatrettar.

Den best kjende retten for søritalienarar er baccalà (klippfisk). Skikken med å feira med ein enkel fiskerett som baccalà reflekterer kulturen i dei historisk utfattige regionane av Sør-Italia, og årstida ein feirer jul på. Steikt lodde, calamari og andre typar sjømat er blitt del av julaftansmiddagen over tid.

Symbolikk Det finst mange teoriar rundt kva sjutalet representerer. Det er i alle høve eit viktig tal i kristen tradisjon.

Ein populær teori er at talet viser til fullending, som i Fyrste mosebok 2:2-3: Den sjuande dagen fullførte Gud det arbeidet han hadde gjort, og den sjuande dagen kvilte han frå heile det arbeidet han hadde gjort. Gud velsigna den sjuande dagen og helga han.

Andre teoriar seier at talet står for dei sju sakramenta i Den katolske kyrkja; eller at det representer dei sju høgdene i Roma som omgjev byen.

Typiske rettar Rettane i måltidet kan omfatta ulike kombinasjonar med ansjos, kviting, hummar, sardin, baccalà (klippfisk), lodde, ål, blekksprut, reker, muslingar og skjel. På menyen kan ein også ha pasta, grønsaker, bakverk og vin.

Populære rettar mini|Cannoli servert ved Feast of the Seven Fishes

Baccalà (salt torsk) med pasta, som salat eller steikt Bakt torsk Clams casino Oyster shooters Fiskeboller av torsk i tomatsaus Coryphaena Frityrsteikt calamari Frityrsteikt torsk Frityrsteikt fisk/reker Frityrsteikt kamskjel Steikt lodde Insalata di mare (sjømatsalat) Linguine med ansjos, skjel, hummar, tunfisk eller krabbesaus Marinert eller steikt ål Blekksprutsalat Puttanesca Scungillisalat (sjøsnigle) Rekecocktail Fylt calamari i tomatsaus Fylt og bakt hummar Fylt og bakt quahogs (Mercenaria mercenaria) Kviting

I populærkulturen

Den grafiske romanen Feast of the Seven Fishes av by Robert Tinnell (2005; ), er blitt filmatisert med Madison Iseman og Skyler Gisondo i hovudrollene. Filmen A Wedding for Bella eller The Bread, My Sweet, med skodespelarane Scott Baio og Kristin Minter, nemner feiringa av Feast of the Seven Fishes i ein italiensk-amerikansk familie. Romanen Angelina's Bachelors – A Novel with Food (2011; ) av Brian O'Reilly inneheld ei skildring av ein gourmet-versjon av Feast of the Seven Fishes, og oppskrifter på ål over arborioris and cæsarsalat med frityrsteikt lodde. I Golden Girls-episoden «Have Yourself a Very Little Christmas» nemner Sophia at steikt ål er ein vanleg juleskikk i mange italienske (sicilianske) familiar.

Sjå òg Sju slag kaker Tretten dessertar

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Christmas Eve Dinner Feast of the Seven Fishes blog: A weblog about this Italian Christmas Eve tradition Traditional Christmas Sweets Christmas Eve Fish Dinner Kategori:Julemat Kategori:USA-amerikansk kultur Kategori:Italiensk-amerikansk kultur Kategori:Talet 7 Kategori:Sjømat Kategori:Juletradisjonar