Kokosmakron er ei småkake laga av egg, sukker, kveitemjøl og kokosmasse.

I Noreg blir ho tradisjonelt bakt til jul, og kan vera eit av dei sju slaga. Ein kokosmakron skal helst vera sprø på utsida og seig inni.

mini|venstre|Australske coconut macaroons med syltetøy. mini|Kokoskrans Andre land Makroner er kjende sidan 1500-talet, og stammar truleg frå Italia. I Tyskland er kaka også typisk julebakst. Kokosmakronen er også vanleg i Sverige, der han blir kalla kokostopp, Frankrike, der dei blir kalla congolais eller rocher coco, Australia, USA og Nederland. I Australia tek dei ofte ei lita mengd bringebærsyltetøy i midten av makronen før steiking.

Variantar Ein variant av kokosmakron er kokoskrans, ei småkake forma som ein runding eller krans.

Ein kan også ha sjokoladeglasur på toppen av kokosmakronen.

Kjelder

<div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «Kokosmakroner» frå , den 4. desember 2019.

Kategori:Småkaker Kategori:Julemat