mini|Skjematisk framstilling av ulike musikksjangrar innan jazz. Musikksjanger er ein bestemt stilart innan musikk som høyrer til ein viss tradisjon eller ei gruppe felles konvensjonar.Samson, Jim. "Genre". Grove Music Online. Oxford Music Online. Henta 4. mars 2012.

Ein kan klassifisera slike sjangrar på mange ulike måtar, til dømes ut frå: Bruk av musikkinstrument Rytme og/eller beat Tempo Lyrikk Stil og flyt Geografisk eller kulturelt opphav

Det blir stadig laga nye sjangrar ut frå eldre musikkformer. Kvar kultur og subkultur har utvikla sin folkelege musikkstil, som musikarar så har kombinert til nye osb. Klassifiseringar kan vera subjektive og kontroversielle, og ulike sjangrar kan overlappa kvarandre.

Akademiske definisjonar av sjølve omgrepet «sjanger» kan variera. I boka Form in Tonal Music skil Douglass M. Green mellom sjanger og form. Han rekna madrigal, motett, canzona, ricercar og dans som døme på sjangrar frå renessansemusikk. For å vidare forklara skiljet skriv Green: «Beethovens Op. 61 og Mendelssohns Op. 64 er identiske i sjanger — begge er fiolinkonsertar — men ulike i form. Derimot er Mozart sin rondo for piano, K. 511 og «Agnus Dei» frå hans Messe, K. 317, mykje ulike i sjanger, men er nokså like i form.» Nokre, som Peter van der Merwe, reknar omgrepa «sjanger» og «stil» som det same, og seier at «sjanger» kan definerast som musikkstykke som deler ein viss stil eller eit grunnleggjande musikalsk språk. Andre, som Allan F. Moore, meiner at «sjanger» og «stil» er to ulike omgrep, og at sekundære kjenneteikn som tema eller innhald også kan skilja mellom sjangrar.Moore, Allan F. "Categorical Conventions in Music Discourse: Style and Genre". Music & Letters, Vol. 82, No. 3 (Aug. 2001), d. 432–442.

Sjå òg Sjangrar innan elektronisk musikk

Merknadar

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Musikgenre» frå , og «Music genre» frå den 14. desember 2019.