Ragnel Rose-Marie Huuva () er ein svensk samisk forfattar, biletkunstnar og duodjiutøvar.Rose-Marie Huuva ; norrbottensforfattare.se

Ho har utgjeve tekstar sidan 1981, men debuterte i 1999 med diktsamlinga Galbma rádná (Kall kamrat), som skildrar kreftsjukdom. Med den boka vart ho den samiske kandidaten til Nordisk råds litteraturpris i 2001. Dikta i Ii mihkkege leat (2006) skildrar kjensla av at den samiske kulturarven svinn eller vert endra, og òg spørsmål om aldring og sjukdom.Rose-Marie Huuva; sverigesradio.se, 25. mai 2012

Som biletkunstnar deltok ho saman med sju andre i utstillinga Sámi Stories: Art and Identity of an Arctic People på Scanidnavian House i New York 2014.

Ho fekk kulturstipendiet Rubus arcticus frå Norrbottens läns landting i 2003.Kulturstipendiet Rubus Arcticus ; nll.se

Bibliografi

Galbma rádná (DAT, 1999) ISBN 82-90625-36-7 (Kall kamrat; DAT, 2001, ISBN 82-90625-38-3) Sammen med Inghilda Tapio, Inghilda, Thomas Marainen og Simon Marainen: Viidát: divttat Sámis / Vidd: dikter från Sápmi (Podium, 2006) ISBN 91-89196-39-2 Li mihkkege leat ([Ingenting är]) (DAT, 2006) ISBN 82-90625-53-7 (Et utvalg oversatt til svensk som Mjukt smeker molnets rand, Stockholm 2011, ISBN 978-91-7437-107-9)

Referansar

<div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «Rose-Marie Huuva» frå , den 17. desember 2019.

Kategori:Samiske forfattarar Kategori:Samiske kunstnarar Kategori:Svenske kunstnarar Kategori:Svenske diktarar