Jarome Arthur-Leigh Adekunle Tig Junior Elvis Iginla () er ein kanadisk tidlegare ishockespelar frå Edmonton i Alberta-provinsen. Han vart med Canada sitt landslag verdsmeister i 1997 og olympisk meister både i 2002 og 2010.
Høgrevengen Iginla var aktiv i National Hockey League frå 1996 til 2017. Åra 1996-2013 spelte han på Calgary Flames, sidan gjorde han tenste i Boston Bruins i ein sesong og i Colorado Avalanche i nær tre sesongar. Våren 2004 deltok han på Calgary sitt lag som nådde Stanley Cup-finalen, der det etter sju finalekampar måtte sjå seg slått i det avgjerande oppgjeret med 2-1 av Tampa Bay Lightning.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Jarome Iginla» frå , den 20. desember 2019.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Canadiske ishockeyspelarar Kategori:Olympiske medaljevinnarar i ishockey Kategori:Olympiske meistrar for Canada Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2002 Kategori:Canadiske deltakarar under vinter-OL 2002 Kategori:Ishockeyspelarar under vinter-OL 2002 Kategori:Canadiske deltakarar under vinter-OL 2006 Kategori:Ishockeyspelarar under vinter-OL 2006 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2010 Kategori:Canadiske deltakarar under vinter-OL 2010 Kategori:Ishockeyspelarar under vinter-OL 2010