DS «Cleves» (kallesignal MDHN/LDTB) var eit dampskip bygt i 1895 som lasteskip for M. Matthys i Rotterdam i Nederlad ved Sunderland Shipbuilding i Sunderland. Reiarlaget hadde drive linjefart frå Rotterdam til Vestlandet sidan 1857.

I april 1907 vart reiarlaget kjøpt av Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS) og skipet vart omdøypt DS «Ceres». Det gjekk i rute frå Bergen til Rotterdam, via Haugesund og Stavanger.

Historie I 1899 vart skipet kjøpt av Naaml. Vennootschap Maats. Norwegen (D. Burger & Zonen) i Rotterdam og omdøypt «Lerfos».

BDS betalte 164 617 kr for skipet og gav det namnet DS «Ceres». I 1909 vart det innlagt banjer og i 1914 vart det installert ny dampkjel med overheitar på 170 pund i tillegg til donkeykjel.

I 1917 vart skipet midlertidig overteken av The Shipping Controller (T. Rose & Partners Ltd.) i London, før det i 1919 vart levert attende til reiarlaget og sett inn i den nye ruta til BDS som gjekk til Frankrike, med Le Havre og Bordeaux som dei viktigaste hamnene.

I 1930 vart det sett inn straumlinjeror, før det i november 1935 vart det selt til Stavanger Skipsophugning for hogging.

Skipet Tonnasjen til skipet var ved levering 658 bruttoregistertonn og 304 nettoregistertonn og lasteevna var 800 dødvekttonn. Volumet i lasterommet var 1 024 m³. Hovudmaskinen var ein kolfyrt tresylindra ekspansjon dampmaskin, levert av Westgarth, English & Co. i Middlesbrough. Oppgjeven yting var 500 iHk (indikerte hestekrefter) og 95 nominelle hestekrefter som gav ein toppfart på 10 knop.

Sjå òg Flåten til Det Bergenske Dampskibsselskab

Kjelder

Kategori:Norske dampskip Kategori:Nederlandske dampskip Kategori:BDS-eigde fartøy Kategori:Skip bygde i Sunderland Kategori:Skip frå 1895 Kategori:Skip sluttsegla i 1935