DS «Hercules» (kallesignal MFPG) var eit dampskip bygt i 1909 som lasteskip for Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS).

Historie «Hercules» vart bygt ved Bergen Mekaniske Verksted og vart levert til BDS i april 1909 for ein pris på 346 000 kroner.

I 1917 vart skipet rekvirert av britane under Shipping Controller og i fart for britane vart skipet den 30. desember 1917 torpedert av den tyske ubåten «UB 21», tre nautiske mil nordaust for Whitby i England. 12 personar ombord omkom.

Skipet Tonnasjen til skipet var ved levering 1 295 bruttoregistertonn og 796 nettoregistertonn og lasteevna var 1 708 dødvekttonn. Volumet i lasterommet var 2 301 m³. Hovudmaskinen var ein kolfyrt tresylindra ekspansjon dampmaskin, levert av BMV. Oppgjeven yting var 874 iHk (indikerte hestekrefter) og 159 nominelle hestekrefter som gav ein toppfart på 12 knop.

Sjå òg Flåten til Det Bergenske Dampskibsselskab

Kjelder

Kategori:Norske dampskip Kategori:Norske passasjerskip Kategori:Norske lasteskip Kategori:BDS-eigde fartøy Kategori:Skip bygde ved Bergen Mekaniske Verksted Kategori:Skip frå 1909 Kategori:Krigsforlis i 1917 Kategori:Forlis i Nordsjøen Kategori:Forlis i Storbritannia Kategori:Skip søkkte av tyske ubåtar i første verdskrigen