DS «Delfinus» (kallesignal MHVN - LDFS) var eit dampskip bygt i 1912 som lasteskip for Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS).

Historie Skipet vart bygd ved Laxevaag Maskin & Jernskibsbyggeri i Bergen og kosta 332 509 kr då det vart levert i oktober 1912.

Under åtaket på Noreg i april 1940 låg «Delfinus» i Trondheim med last for England. Skipet vart teken av tyskarane, men segla for BDS. 22. juni 1940 vart skipet bomba på veg til Bergen og fekk stor skade i hekken. Det vart reparert i Bergen og kom fram med lasta til Tyskland.

Ettermiddagen 6. november 1940 gjekk skipet i tysk konvoi på reise frå Stavanger til Hamburg med fisk og tran. Det vart då torpedert og søkkt ved Obrestad fyr av den britiske ubåten HMS «Sturgeon». Ingen ombord mista livet. Redningsfartøy og fly vart sende ut frå Stavangerområdet. I følgje overlevande vart det avfyrt to torpedoar mot skipet. Den eine trefte «Delfinus» akter og den andre bomma og nådde inn til stranda.

Skipet Tonnasjen til skipet var ved levering 1 294 brt, 751 nrt og lasteevna var 1920 dødvekttonn. Volumet i lasterommet var 2 406 m³. Hovudmaskinen var ein kolfyrt tresylindra ekspansjon dampmaskin, levert av Laxevaag Maskin & Jernskibsbyggeri. Oppgjeven yting var 650 iHk (indikerte hestekrefter) og 144 nominelle hestekrefter som gav ein toppfart på 9,5 knop.

I 1923 fekk skipet påsett Star Contrapropellar og i 1930 straumlinjeror. I 1932 vart mastene kappa for at skipet skulle kunne nå opp til Manchester. Ny radio og peileapparat vart installert i 1938.

Sjå òg Flåten til Det Bergenske Dampskibsselskab

Kjelder

Kategori:Norske dampskip Kategori:Norske lasteskip Kategori:BDS-eigde fartøy Kategori:Skip bygde ved Laxevaags Maskin- & Jernskibsbyggeri Kategori:Skip frå 1912 Kategori:Krigsforlis i 1940 Kategori:Forlis i Nordsjøen Kategori:Forlis i Rogaland Kategori:Skip søkkte av britiske ubåtar i andre verdskrigen