Airbus Beluga er eit lastefly utvikla og bygt av Airbus for å frakta delar til Airbus-fly mellom ulike fabrikkar. Dei fleste delane vert frakta frå fabrikkar rundt omkring i Europa til montering i Frankrike. Flyet flaug første gong i 1994 og har vore i bruk sidan 1995. På grunn av flyet sin storleik, har det òg hatt litt andre transportoppdrag; det mest kjende er at flyet vart brukt til å frakta eit sentralt maleri i fransk kultur, Fridomen leier folket, til ei utstilling i Japan, og sidan henta det heimatt når utstillinga var ferdig.

Kjelder

<div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «Airbus Beluga» frå , den 2. januar 2020.

Kategori:Introduksjonar i 1995 Kategori:Transportfly