DS «Rosebank» (kallesignal MHTP - LEHF) var eit dampskip bygt i 1906 som lasteskip for John O'Groat Steamship Co. i Wick i Storbritannia.
I 1912 hamna skipet hos norske eigarar i Stavanger, før det vart kjøpt av Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS) i oktober 1914 og omdøypt DS «Kora»
Historie Skipet vart bygt ved Clyde Shipbuilding & Engineering Company i Glasgow i Skottland og vart levert i juni 1906.
I september 1912 vart skipet kjøpt av A/S D/S Langfond (Sigv. Bergesen) i Stavanger og fekk namnet DS «Krosfond». I oktober 1914 kjøpte Det Bergenske Dampskibsselskab skipet og det vart omdøypt DS «Kora». BDS betalte 201 751 kroner for skipet.. Samstundes vart det sett inn nye bommar og vinsjar, banjerdekk og fleire lugarar og mannskapslugarar. Skipet fekk òg elektrisk lys.
Under første verdskrigen vart skipet rekvirert av britane under Shipping Controller og operert av J.H. Wetherhall i London. I 1919 vart det levert attende til BDS. Under andre verdskrigen var skipet i heimeflåten og fekk isskadar i både 1941 og 1942.
I september 1946 vart skipet selt til G. Gasparinatos i Panama. I juli 1951 grunnstøytte skipet 16 kvartmil vest av Sidi Banrani fyr i Egypt på reise frå Port Said til Bengazi med stykkgods. Skipet vart kodemnert og selt til opphogging. Det kom fram til La Spezia i mai 1952.
Skipet Tonnasjen til skipet var ved levering 817 brt, 420 nrt og lasteevna var 1 056 dødvekttonn. Volumet i lasterommet var 1 260 m³. Hovudmaskinen var ein kolfyrt tresylindra ekspansjon dampmaskin, levert av Clyde SB&E. Oppgjeven yting var 550 iHk (indikerte hestekrefter) og 101 nominelle hestekrefter som gav ein toppfart på 9,5 knop. Skipet hadde plass til åtte passasjerar.
Skipet fekk straumlinjeror i 1929 og ny radio i 1938.
Sjå òg Flåten til Det Bergenske Dampskibsselskab
Kjelder
Kategori:Norske dampskip Kategori:Britiske dampskip Kategori:Norske lasteskip Kategori:BDS-eigde fartøy Kategori:Skip bygde i Glasgow Kategori:Skip frå 1906 Kategori:Forlis i 1951 Kategori:Forlis i Middelhavet Kategori:Forlis i Egypt