Fallujah (arabisk الفلوجة) er ein by i provinsen Al Anbar i Irak, kring 69 km vest for Bagdad ved Eufrat. Historia til busetnaden går attende til babylonsk tid. Viktige jødiske akademi låg her i mange hundreår.
Byen voks fram frå ein liten by i 1947 til eit folketal på kring 275 000 innbyggjarar i 2011. I Irak vert byen kalla moskébyen på grunn av dei over 200 moskeane som finst i byen og dei kringliggjande landsbyane.
I januar 2014 vart byen erobra av Den islamske staten og mange innbyggjarar mista livet. Den 23. mai 2016 annonserte irakiske styrkar at dei prøve å ta Falluja attende. Den 26. juni 2016 vart byen frigjord av den irakiske hæren.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Fallujah» frå , den 4. januar 2020. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Busetnader i Al Anbar guvernement Kategori:Busetnader langs Silkevegen Kategori:Byar ved Eufrat Kategori:Distriktshovudstader i Irak Kategori:Byar i Irak