Alver kommune er ein kommune i Nordhordaland i Vestland fylke, som vart skipa den 1. januar 2020 då dei tidlegare kommunane Lindås, Meland og Radøy slo seg saman til nye Alver.Forskrift om samanslåing av Lindås kommune, Meland kommune og Radøy kommune til Alver kommune, Hordaland. Henta den 6.1.2020. Innbyggjartalet i den nye kommunen er 29507 i 3. kvartal av 2021.

mini|venstre|Alversundbrua

Namnet kjem frå gardsnamnet Alver,Stadnamn og skrivemåten for stadnamn, kartverket.no som har gitt namn til og ligg i bygdelaget Alversund ved Alverstraumen i tidlegare Lindås kommune, og som no ligg sentralt i den samanslåtte kommunen.

Namnet til kommunen "Alver" kan tydast som "alt vér", ein plass med alt ver, mest nedbør.

Ordførar i kommunen er Sara Hamre Sekkingstad (Sp), medan varaordførar er Øyvind Helland Oddekalv (Ap).

Geografi Alver ligg i det geologiske området Bergensfeltet eller Bergensbuene. Kommunen omfattar 843 øyer og holmar.

Det høgaste punktet i kommunen er Sørdalsnuten, på 957 meter over havet. Det lågaste punktet er i Austfjorden, og ligg 677 meter under havet.

Kjende alverbuarar Atle Berge (f. 1986), forfattar (Lindås)

Kjelder

Kategori:Kommunar i Vestland

Kategori:Norske kommunar skipa i 2020