«Dagen viker og går bort» er ein kveldssalme av Dorothe Engelbretsdotter, opphavleg gjeven ut som «Afften-Psalme» i Siælens Sang-Offer i 1678. Salmen hadde opphavleg 20 vers. Av desse er 11 tekne med i Norsk salmebok (1985) og Norsk salmebok 2013.

Salmen er nummer 810 i Norsk salmebok 2013.

Salmen har ei rekkje melodiar. Catharinus Elling, Ole Mørk Sandvik og andre skreiv ned ulike norske folketonar som blei brukte med henne. Melodien i den norske salmeboka er ein dansk variant av ein melodi frå 1566-utgåva av salmeboka til dei bøhmiske brørne.

Kjelder

Bakgrunnsstoff Afften Psalme i gammal og ny språkdrakt ved ndla.no

Kategori:Dorothe Engelbretsdotter Kategori:Norske salmar Kategori:Salmar frå 1600-talet