mini|500px|Primstav, sommar- og vinterside. mini|Detalj av primstav frå byrjinga av sommarsida.
Primstav er ein flat, stavforma kalender av tre der ymse merkedagar er markerte med innskorne symbol.
Bruk Kalenderen på primstaven er evigvarande og vart brukt før det vart vanleg med trykte almanakkar. Staven vart stort sett berre brukt i Noreg, Sverige og Danmark, og er ikkje kjend til dømes på Island.
Primstavar er gjerne 50-80 cm lange og 4-6 cm breie. Kvar dag er merkt med ein strek eller eit hakk, og heilagdagar og andre merkedagar er avmerkte med spesielle teikn eller figurar. Primstaven har kalenderoppteikningar på begge sidene; ei sommarside og ei vinterside. Sommarsida gjeld frå 14. april til 13. oktober og vintersida frå 14. oktober til 13. april.
Namn Namnet primstav kjem truleg gjennom norrønt prímstafr, gyllental, frå latin primatio lunae, 'første tilsynekomst av nymånen'. Bakgrunnen var at den 19-årige månesyklusen var utgangspunkt for den gamle tidsrekninga. Gyllental finn ein likevel sjeldan på norske primstavar.
Medan han er kjend som 'primstav' i Noreg og Danmark, er kalenderen i Sverige kjend som runstav.
Merkedagar på den norske primstaven Primstaven har opphav i ein katolsk kyrkjekalender, og har vore i bruk over store delar av Europa. Messedagane for dei ulike helgenane vart synte med teikn som symboliserte ein av attributtane til helgenen. Etter reformasjonen vart det religiøse innhaldet i mange av helgendagane gløymt, og i den folkelege tradisjonen vart dei ulike figurane nytolka. Til dømes vart muslingskalet som skulle symbolisere apostelen Jakob omtolka til ein vassdrope, slik at merkedagen vart kalla Jakob våthatt.
Merkedagane kan ha fleire namn. Kvar merkedag har dessutan sitt eige merke, som òg kan variere. I tabellen nedanfor er merkedagar vi kan finne på norske primstavar lista opp. Nokre av merkedagane finst på alle primstavar, medan andre berre sjeldan er avmerkte. Venlege merkedagar på norske primstavar er merkte med ein *.
Sommarhalvåret
Dato Merkedag Merkenamn Primstavmerke 14. april * Sommardag, sommarmål, sommarnatt Lauvtre, grein 16. april Magnusmesse, tredjedag sommar Pil, øks, halv kross 23. april * Jørgensdag Krossar, hest 25. april * Markusmesse, Markusdagen, store gangdagen Blad på ein kvist, fjørpenn, fugl 1. mai * Gaukmesse, vesle gangdagen Gauk, dobbel kross 3. mai * Krossmesse om våren Stor kross 15. mai * Hallvardsmesse, Hallvardsvaka, hallsok Møllestein, prikkar (såkorn) 18. mai Eriksmesse Aks, sverd, krone 22. mai * Bjørnevòk Bjørnefot, bjørn, bispelue 25. mai * Urbanus Møkkagreip 3. juni * Skoklefallsdagen, rasmusdagen Bur 8. juni Medardus og Gilardus Fiskekrok 9 .juni * Kolumbamesse, Kolbjørn med laksen Fisk 17. juni * Botolvsmesse, botsok Bispestav, kross 21. juni Sommarsolkverv Sol 22. juni * Dei ti tusen riddarar, dei ti tusen martyrar Timeglas 24. juni * Jonsok, Jonsmesse, Sankt Hans Sol, timeglas 29. juni * Persok, Petersmesse, Peter med gullnøkkelen Nøkkel, blome 2. juli * Syftesok Bispestav 8. juli * Tredjevaka, Kjell fut, Kjell sviebygg, Seljumesse, Sunniva Virginis Ljå 10. juli * Knut med ljåen, knutsok, kong Knut, Knutsmesse Krone, rive, ljå 12. juli Kari med riva ? 14. juli * Midtsommar Sol, strek tvers gjennom primstaven 20. juli * Marit vassause, Margretemesse, Mari(t)messe Hjul, «M», krossar med glorie 22. juli * Mari stol, magdalidagen, magdalimesse Krone med krossar, beger 25. juli * Jakob våthatt, Jakobsmesse Krossar, sverd, hatt 29. juli * Olsok, Olavsvaka (for Sankt Olav) Øks (Olavsøks eller Olavsbile) 1. august Peters lenkjer, Peder vindfells dag, Per vinkel Nøkkel 3. august Olsok siare, vesle olsoken, Translatio Olavi Øks (mindre enn olsokøksa) 10. august * Larsok, Lavransvaka (for Sankt Laurentius) Rist 15. august * Marimesse om hausten, våre frue dyre, Marias himmelfart Krone eller kvinnefigur 24. august * Barsok, Bartholomeusmesse, bardonsok, Berdon bukkekniv, Bertel brytestrå Øks, kniv eller ein kross 29. august * Johannes halshogg, Vergismesse, Andre barsok Sverd (verje) 1. september * Eidismesse, Kvernknarren To kvernsteinar, kross 8. september * Morsmesse, marimesse siare Krone, «M», sauesaks 14. september * Krossmesse om hausten Kross 21. september * Mattismesse haust, Mattheusmesse, Mattisdag, (haustjamdøger) Øks 29. september * Mikkjelsmesse, mikeli Lur, vekt 4. oktober * St. Frans, Fransiscus Halvkross 7. oktober * Britemesse Bok, hus 9. oktober Dinesmesse, Deinets dag Fisk, flagg, bispestav
Vinterhalvåret
Dato Merkedag Merkenamn Primstavmerke 14. oktober * Vinterdag, vinternettene, vinternatt Tre utan blad, (pave)hanske 18. oktober Lukasmesse, Lukas våtmann Krossar, okse, slaktebenk 21. oktober * Jomfrudagen, Ursula Kvinnefigurar, krone, pil, palme, ring 28. oktober * Simonsmesse, Simon og Judas Krossar med to sett armar, grein med to blad 1. november * Helgemesse, Allehelgensdag, aldermesse Krossar, omvendt skip 2. november * Alle sjelers dag Menneskefigur 11. november * Mortensmesse, Mortensdag Gås, bispestav 21. november Marioffer (Presentatio Mariae) Hovud med krone eller glorie 23. november Klemetsmesse, båtsok, Klemet kyrkjebyggjar, Klemet saueskjerar Ankar, kyrkje, pavekrone 25. november * Karimesse, Karenmesse, Kari med rokken Sverd, krossar, hjul 30. november * Andersmesse, Anders fiskar Andreaskross, revesaks, fiskekrok 4. desember * Barbromesse, Barbara Krossar, tårn, sverd, «B» 6. desember * Nilsmesse, Nikolausdagen, Nicolaus biskop Bispelue, bispestav, «N» 8. desember Maria unnfangelsesdag, vår frue ventedør Krona hovud, bok 9. desember * Anna matris Mariae, Anna røytrauv, (Anna) pissihose, Annadagen Kvinnehovud 13. desember * Lussimesse, Lussinatt, Luciadagen Bål, ljos 21. desember Tomasmesse, Tomas bryggar Tynne, krossar, hand 22. desember * Vintersolkverv Sol 23. desember * Tollesmesse, Sjursmesse, vesle julaftan, vaskenatt Halvkross 25. desember * Juledag, Natalis Christi Drikkehorn, kandelaber, tynne, sol 28. desember * Barnedag, barnemesse Lite kross, (sverd) 1. januar * Nyårsdag, åttandedagen Solhjul, timeglas, kyrkje 6. januar * Heilage tre kongar, trettandedagen Tre krossar, tre kroner, tre menn 7. januar * Eldbjørgdagen, ildbergingsdag, St. Knut Kross 11. januar * Brettemesse, brokkismesse, brykkesmesse Øks, hest 12. januar Midtvinter, hǫkunótt Prikkar (snø) 13. januar * Tjuandedag jul, Tjuandedagen, Knutsdag, avfaredag, gamle nyårsdagen Øks, klokke, tynne, omvendt drikkehorn 17. januar * Antonsmesse Krossar, gris 20. januar * Brødremesse Øks, to pilar i kross 25. januar * Pålsmesse, Pål med bogen, Pål skyttar Bue, sverd, fisk 2. februar * Kyndelsmesse, kindermesse, kjærmesse, lysene sine messe, missa candelarum Sjuarma lysestake, lilje, krona hovud 3. februar * Blåsmesse, Blåsius Horn, båt for fulle segl 5. februar Ågotsmesse, musedagen Mus, kross 22. februar * Peters stol, Per varmestein, Per heitstein Nøkkel, stein 24. februar Mattismesse vår, Mattis Øks, (omvendt) «M» 9. mars Dei førti riddarar Halv sol 12. mars * Gregormesse, Gregoriusdagen, Gregusmesse, Groårsmesse Fugl (duve) 17. mars * Gjertrudsmesse, Gjertrudsdagen Rokkesnelle, lilje, bjørkekvist, kapell 18. mars Petrus martyr, Per pekk i vatn Pigghakke 21. mars * Bendiksmesse, Bendik/Bent prøvesvin, (vårjamdøger, jamvår) Halv kross 25. mars * Marimesse om våren, vårfrumesse, Maria bodskapsdag, vårmesse Krone, kvinnefigur, hovud, tre
Bakgrunnsstoff Forklaring av primstaven Primstav på http://www.maihaugen.no Primstaven
Litteratur Norvald Losnegard Primstaven : gamle minne- og merkedagar, Setesdalsforlaget, 1999, ISBN 82-91820-47-3. Dybdahl, A., Primstaven i lys av helgenkulten, Tapir, 2011.