Kaptein Sabeltann er eit action-eventyrspel utvikla av ArtPlant til Microsoft Windows. Det vart presentert for første gong på ein pressekonferanse i Oslo i mars 2004 og utgjeve den 20. oktober same året av Pan Vision. Handlingsgangen og settingane i spelet er basert på den animerte langfilmen Kaptein Sabeltann frå 2003.

Spelaren kontrollerer den unge sjørøvaren Pinky med piltastane og bruker éin tast til å gjere handlingar i spelet, som å klatre, grave eller slåst. Målsettinga for spelet er å samle inn bitar av eit kart som leier til Grusomme Gabriels skatt, og det er delt inn i ulike omgjevnader henta frå Kaptein Sabeltann-universet. Spelet bruker dei same stemmeskodespelarane som langfilmen frå 2003 og bruker filmklipp frå denne filmen for å føre historia vidare mellom kapitla.

Spelet hadde i november 2007 selt over 20 000 kopiar. Ein oppfølgjar vart utgjeven til Microsoft Windows i 2007 under tittelen Kaptein Sabeltann: Grusomme Gabriels forbannelse.

Kjelder

Kategori:Action-eventyrspel Kategori:Artplant-spel Kategori:Dataspel frå 2004 Kategori:Kaptein Sabeltann Kategori:Windows-spel Kategori:Norske dataspel