Sleeping Beauty (norsk tittel: Tornerose) er ein amerikansk animert romantisk fantasymusikal eventyrfilm frå 1959, produsert av Walt Disney og utgjeven av Buena Vista Distribution. Han er den 16. animerte Disney-langfilmen og er basert på eventyret om Tornerose av Charles Perrault. Filmen handlar om den vakre prinsessa Aurora som blir råka av ei forbanning frå den vonde heksa Malefika. På 16-årsdagen sin fell ho i ein djup søvn og blir liggande i 100 år inntil ein prins vekker henne til live med eit kyss.
Sleeping Beauty blei godt mottatt av kritikarar, men blei ikkje den publikumssuksessen som filmskaparane hadde håpa på.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Animasjonsfilmar frå Disney Kategori:Eventyrfilmar Kategori:Filmar frå 1959 Kategori:Filmar frå USA