Sibirjernsporv (Prunella montanella) er ein sporvefugl i jernsporvfamilien med hekkeutbreiing i Sibir frå like vest for Ural-fjella og austover, med overvintring i austlege Kina og på Koreahalvøya.
Skildring Kroppslengde på fuglar av denne arten er som jernsporv, 13 til 14,5 centimeter. Oversida er varmt raudbrun med mørke striper, undersida gulbeige med rike kastanjestrek på sidene av brystet og flankane. Hovudet har ei mørkebrun krone, ei lang, brei, bleik gul augebrynstripe, supercilium. Kinnet er mørkt og dei har grå sider til nakken. Krona /issen er brunsvart, iris er varm raudbrun, og det tynne spisse nebbet er mørkt og beina er raudlege. Hoa har bleikare underparti med svakare striper.
Det typiske hekkehabitatet er subarktisk lauvskog og open barskog, ofte nær vatn, sjølv om han òg finst i fjellområde og grantaiga. Han lever i låg vegetasjon og buskar om vinteren, ofte i nærleiken av elvebankar, men kan òg finnast i tørr grasmark og skog.
Sibirjernsporv hekkar i eit belte over Nord-Russland frå like vest for Ural-fjella til stillehavskysten, og med eit andre, meir fragmentert band over det sørlege Sibir. Han er ein trekkfugl, overvintrar i Aust-Kina og Korea, dessutan overvintrar ei lita mengde i Mongolia, streiffuglar når til Japan.
Storleiken på den globale populasjonen er ikkje estimert og er trudd å vere stabil. Arten er klassifisert som globalt livskraftig.
Spontant i Noreg I oktober og byrjinga av november 2016 kom ein sjeldan straum av sibirjernsporvar til Europa. I Noreg vart det ringmerkt fuglar på sju ulike stader frå Stad i nord til Lindesnes i sør. Arten har dessutan ein sikker observasjon på Løten i 2017 og vart ringmerkt på Utsira i 2011.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Siberian accentor» frå , den 19. januar 2020. Hatchwell, B. (2020). Siberian Accentor (Prunella montanella) Siberian Accentor (Prunella montanella) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 18. januar 2020
Referansar
Bakgrunnsstoff
kategori:jernsporvfamilien kategori:Asiatiske sporvefuglar i Noreg