Courage the Cowardly Dog (norsk tittel: Tapper, den pysete hunden) er ein amerikansk animert skrekk-komiserie skapt av John R. Dilworth for Cartoon Network. Serien vart produsert i animasjonsstudioet til Dilsworth, Stretch Films, i samarbeid med Cartoon Network. Hovudpersonen er ein rosa, antropomorf hund som bur med eit eldre par på ein bondegard i «the middle of Nowhere». I kvar episode blir trioen involvert i bisarre og urovekkjande uturar, som ofte involverer det paranormale. Serien er kjend for ein mørk, surrealistisk humor og atmosfære.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Cartoon Network Kategori:Fjernsynsseriar frå 1990-åra Kategori:Fjernsynsseriar frå 2000-åra Kategori:USA-amerikanske fjernsynsseriar