mini|Jesusbarnet med roser. Austerriksk glasmåleri frå 1800-talet.
«Det hev ei rosa sprunge» er det nynorske namnet på den folkelege tyske julesongen «Es ist ein Ros entsprungen» frå kring 1587. Teksten tek utgangspunkt i Jesaja 11,1: Ein kvist skal skyta opp frå Isais stubbe, og eit skot skal spira fram frå hans røter.
Den mest utbreidde tonen er opphavleg ei tysk vise frå 1400-talet som vart arrangert som firstemmig korsats av Michael Praetorius i 1609. Denne korsatsen dannar grunnlaget for harmoniseringa som er brukt i Norsk Koralbok Norsk Koralbok s. 22, Verbum, Oslo 1985
Den omsetjinga som er oftast nytta i Noreg vart gjort av Peter Hognestad i 1919 og 1921. Hognestad omsette dei to fyrste versa av teksten frå 1587, og eitt vers av ein annan tekst, skriven av Friedrich Layriz frå 1844. I Norsk Salmebok står «Det hev ei rose sprunge» på nummer 38.
Nynorskversjonen av songen er mest brukt i Noreg. På bokmål heiter han «En rose er utsprungen». Det engelske namnet er «Lo, how a rose e’er blooming».
Første verset av songen
Nynorskversjon frå 1919 Tysk versjon frå 1599Det hev ei rosa sprunge ut av ei rot so grann. Som federne hev sunge: Av Jesse rot ho rann, og var ein blome blid midt i den kalde vinter ved myrke midnattstid.Es ist ein Ros entsprungen aus einer Wurzel zart, als uns die Alten sungen, von Jesse kam die Art und hat ein Blümlein bracht mitten im kalten Winter, wohl zu der halben Nacht.
Kjelder
Bakgrunnsstoff Salmebloggen til Leif Haugen
Kategori:Julesalmar Kategori:Salmar frå 1500-talet Kategori:Peter Hognestad Kategori:Friedrich Layriz