Lyngnstøylvatnet er eit vatn i Norangsdalen i Ørsta kommune i Møre og Romsdal fylke.

Lyngnstøylvatnet vart til då eit steinskred stengde elva. Det var den 26. mai 1908. Elva overfløymde ei seter, Lygnstøylen med 9 sel , vegen gjennom dalen og noko av terrenget rundt. I roleg vér kan ein sjå restar av seltuftene gjennom vassflata.

Ein kan og sjå restar av tre og grinda over vegen. mini|venstre|Delar av ei grind som står att under vatn På grunn av desse ruinane er vatnet vorte ein populær stad for dykking. Riksveg 655 går like forbi vatnet. Ved rasteplassen er det oppsett ei informasjonstavle.

Bakgrunnsstoff Sivert Aklestad: Minneskrift Hjørundfjord kommune 1837 - 1937 Ægir Dykkerklubb si informasjonsside om Norangsdalen

Kategori:Innsjøar i Møre og Romsdal Kategori:Geografi i Ørsta