mini|Vodka kjem i mange variantar. Bilete viser utvalet inne på eit supermarket i Sankt Petersburg, Russland. mini|To shotglas med vodka og sitronskiver. Vodka (av russisk for ‘lite vatn’) er eit ukrydra brennevin som er framstilt av korn eller potet og filtrert over trekol. Alkoholstyrken er vanlegvis 37,5–50 volumprosent. Fargen er vassklår eller gulaktig, og smaken er mild og nøytral.

Vodka er opphavleg ein austeuropeisk drikk, men blir no framstilt i dei fleste europeiske land og i USA. I Aust-Europa er det ikkje uvanleg at ein serverer vodka til maten. Brennevinet blir også brukt i mange cocktailar. Aromatiserte vodkatypar, som er smaksette med ulike typar krydder eller frukt, er også blitt vanlege.

mini|Russisk plakat som åtvarer mot å bruka sigarettar og vodka som «hjelp» mot sjukdom.

Kjende vodkamerke Rachmaninoff Chopin Smirnoff Absolut Danzka Vodka Finlandia Kirow Koskenkorva Kalinka Nemiroff Skyvodka Stolichnaya Boris Jelzin Vikingfjord Russian Standard Time Bandit vodka Chinggis

Kjelder

Kategori:Brennevin Kategori:Russisk drikke Kategori:Russiske ord og uttrykk