Thumri (hindi , ṭhumrī) er ein vokal musikksjanger eller stil innan nordindisk musikk. Han er særleg knytt til kjærleiksdikt og folkesong frå Uttar Pradesh, men det finst regionale variasjonar.

Tekstane i thumri er knytte til bhaktirørsla, som ofte uttrykker religiøse kjensler gjennom romantisk kjærleik. Dei tek ofte for seg tilhøvet mellom Radha og Krishna. Songaren held seg nøye til orda i teksten, men kan gå over frå den opphavlege ragaen til ein annan som han meiner passar til kjenslene i teksten, før han vender tilbake til den opphavlege ragaen.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Thumri» frå , den 29. februar 2020.

Bakgrunnsstoff Thumri med forklaring og døme ved chandrakantha.com Kategori:Indisk musikk Kategori:Kultur i Uttar Pradesh Kategori:Bhakti