Sigismund av Det tysk-romerske riket () var tysk-romersk keisar, kurfyrste av markgrevskapet Brandenburg, konge av Ungarn og konge av Kroatia. Han var den siste keisaren frå huset Luxembourg.
Sigismund var son av keisar Karl IV. Han var kurfyrste av Brandenburg frå 1378 til 1388 og frå 1411 til 1415, konge av Ungarn og Kroatia frå 1387, romersk-tysk konge frå 1411, böhmisk konge frå 1419 og tysk-romersk keisar frå 1433 til han døydde. I 1396 gjennomførte Sigismund eit krosstog mot tyrkarane, som endte med nederlag ved Nikopolis. I hans regjeringstid fann Kyrkjemøtet i Konstanz (1414–1418) og husittarkrigane (1419–1436) stad.
Då Sigismund overtok som böhmisk konge etter sin bror Vaclav i 1419, var det sterk motstand frå husittane mot ein fyrste som hadde medverka til bålferda til Jan Hus i 1415. Sigismund kunne derfor fyrst halda inntoget sitt i Praha i 1436.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Sigismund av Det tysk-romerske riket» frå , den 20. august 2023.
Kategori:Tysk-romerske keisarar Kategori:Ungarske monarkar Kategori:Ungarsk historie Kategori:Huset Luxemburg