Kaptein Sabeltann: Grusomme Gabriels forbannelse er eit action-eventyrspel utvikla av ArtPlant til Microsoft Windows. Det er ein oppfølgjar til PC-spelet Kaptein Sabeltann frå 2004 og vart utgjeve i Noreg den 23. november 2007.
Spelet byggjer vidare på spelemekanikkene frå forgjengaren og introduserer nye figurar frå Sabeltann-universet, som heksa Miriam, Greven av Gral og Maga Kahn. Spelaren styrer den unge sjørøvaren Pinky med piltastane og bruker mellomromstasten for å samhandle med omgjevnadene i spelet. Målsettinga er å oppheve ein forbannelse forårsaka av sjøspøkelset Grusomme Gabriel.
Kaptein Sabeltann: Grusomme Gabriels forbannelse vart nominert til «Årets norskspråklege spel» og «Årets barnespel» under prisutdelinga Gullstikka 2008. Det tok prisen for «Beste nordiske barnespel» under Nordic Game Awards i 2008.
Kjelder
Kategori:Action-eventyrspel Kategori:Artplant-spel Kategori:Dataspel frå 2007 Kategori:Kaptein Sabeltann Kategori:Windows-spel Kategori:Norske dataspel