Birgitte Elise Esmark () var ein norsk naturforskar frå Brevik, og elles sosialaktivist. Mineralogen Morten Thrane Esmark var far hennar og Jens Esmark farfaren.

Birgitte Esmark samla molluskar då ho i to år budde og pleia helsa på Madeira. I 1879 fekk, ho som fyrste norske kvinne, studiestipend til ei reise i Nordland og Finnmark. Onkelen Laurits Martin Esmark var zoolog og rektor ved Universitetet i Kristiania. Birgitte Esmark hadde ikkje fageksamen, men fekk likevel offentleggjord avhandlinga 'Norges land- og ferskvandsmollusker' internasjonalt.

Esmark og den rike Ida Wedel Jarlsberg fekk i Kristiania bygt ein heim der fattige kvinner kunne vere om sundagane og lære seg engelsk. Dei to starta i 1894 Unge Kvinners Kristelige Samfund med Ida Wedel Jarlsberg som leiar og Esmark som sekretær; seinare kalla Kristelig Forening for Unge Kvinner (KFUK). Frå 1889 var Esmark sekretær i det nystarta Norske Kvinders Totalavholdsselskap – Det Hvite Bånd, Ida Wedel Jarlsberg var leiar der òg.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Birgitte Esmark» frå , den 9. mars 2020.