mini|Notar og svensk tekst til «Björnen sover» mini|«Björnen sover» framført av Svea Jansson 1960. Innspeling av Matts Arnberg. mini|«Björnen sover» på ei svensk midsommarfeiring, med fleire born som bjørnar. Bjørnen sover, svensk «Björnen sover», er ein gammal songleik som blir bruka både som ringleik og som vanleg barnevise. Melodien er ein forenkla versjon av den til «Gubben Noak», som opphavleg blei gjeven ut av Carl Michael Bellman i 1792 som song nummer 35 i Fredmans sånger. Bellmanforskarna har ikkje kunna slå heilt fast om han komponerte melodien sjølv, eller kor han skulle ha henta han frå. Etter at han blei kjend er melodien blitt brukt til fleire ulike tekster i 200 år, mellom anna til barneviser.Palm Stenström, side 268
Leiken
Ein vel ein som er «bjørn», som krøller seg saman på bakken og lest som han søv. Andre deltakarar går rundt bjørnen i ring og syng songen. Ved slutten av songen «vaknar» bjørnen og byrjar å jakta på deltakarane. Den som blir fanga er «bjørn» neste gong.
Utgåver
(angiven som sånglek, musik efter CM Bellman)
under rubriken "Sång med lek och dans".
Opptak Anita Lindman syng songen på albumet Barnkalaset med tant Anita som kom ut i 1967. Kjell Lönnå mog born frå Riddarens gymnas i Sundsvall syng songen på albumet Gnola och sjung som kom ut i 1982.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Björnen sover» frå , den 25. august 2021.
Kategori:Svenske songar Kategori:Bjørnar i kulturen Kategori:Barnesongar Kategori:Songleikar