Ian Bairnson () er ein skotsk musikar, mest kjend som eit av dei faste medlemmane i The Alan Parsons Project. Han er multiinstrumentalist og har spelt saksofon og klaverinstrument, men er mest kjend og brukt som gitarist. Han føretrekkjer å bruke ein sixpence-mynt som plekter.

Han var medlem av bandet Pilot og bidrog på hitsingelen deira «Magic.» I lag med resten av Pilot samarbeidde han med Alan Parsons, som var produsent på debutalbumet deira. Han spelte òg på dei fire første albuma til Kate Bush og andre artistar som Bucks Fizz, Yvonne Keeley, Joe Cocker, Jon Anderson, Chris DeBurgh, Mick Fleetwood, Neil Diamond. Han har òg stått på scenen med Sting, Eric Clapton, Beverley Craven og mange fleire.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Ian Bairnson» frå , den 28. mars 2020. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikarar frå Edinburgh Kategori:Folk frå Lerwick Kategori:Skotske rockegitaristar Kategori:Skotske saksofonistar Kategori:Britiske softrockmusikarar Kategori:Pilot-medlemmar Kategori:The Alan Parsons Project-medlemmar